Høringssvar fra Tordis Marie Espeland
Noreg treng ikkje vindkraft. Det er viktigare å verna natur enn å selja ut energi som uansett ikke kan dekka meir enn ein minimal del av behovet til dei aktuelle kjøparane. Mykje tyder på at grøn energi i mange vindkraftprosjekt vert brukt som skinn-argument for forteneste for både utbyggarar og grunneigarar.
Vindkraftsaka er blitt vår tids Alta-utbygging. Ta til vet: vern meir natur i Noreg - ikkje bygg den ned. Vårt land er tilnærma unikt med tanke på tilgang til reint vatn, rein natur og store område som kan nyttast gjennom allemannsretten. Storstilt vindkraftutbygging går imot alt dette. Sjå til Tyskland der dei no bygger ned sin eigen vindkraftindustri. Oljesøl, mikroplast, gass-utslepp, støy og visuell forstyrring er berte nokre av grunnane til å stoppa denne utviklinga som no er sett i gang.