Høringssvar fra Kvinnherad KrF
Høyringsuttale frå Kvinnherad KrF:
Store delar av Kvinnherad er inkludert i NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft, og ligg innanfor analyseområdet "Sunnhordland og Haugalandet". I Kvinnherad er det for det meste høgfjellsområde som er utpeika som aktuelle for vindkraft.
Dette gjeld:
1. Fjella på Husnes-halvøya - eit høgfjellsområde som er svært viktig for friluftsliv i den mest folkerike delen av kommunen. Her ligg bygdene tett langs fjorden, og med det same ein kjem opp på fjellet, framstår området som urørt. Her ligg kjende fjell og turmål som Ulvanåso, Geitadalstind, Englafjell og Mjelkhaug.
2. Området lengre aust - Blådalen/Fjellhaugen og Åkrafjorden: Dette er også eit svært viktig område for friluftsliv. Folk kjem langvegs frå for å besøkja skisenteret og å dra på toppturar i området. Området grensar like til Folgefonna nasjonalpark og ligg ikkje langt frå dei norges-kjende Rosendalsalpane. Dette er og ein del av eit større samanhengande naturområde med urørt preg, som i ein sørnorsk målestokk er stort. Her kan ein gå i same retning i fleire dagar utan å måtta kryssa ein veg.
Det er godt dokumentert at slike store samanhengande naturområde er svært viktig for biologisk mangfald. FNs nye rapport om naturens tilstand viser jo at tap av natur er ein like stor trussel mot verda som det klimaendringane er. Kvinnherad har mellom anna viktige habitat for havørn, kongeørn og hubro.
I tillegg er Kvinnherad-fjella til dels svært kuperte. Ei eventuell vindkraftutbygging vil her føra til store terrenginngrep, t.d mykje sprenging ved bygging av tilkomstvegar. Dette vil gi massive og varige spor i den sårbare høgfjellsnaturen.
NVE peikar i rapporten på at det er eit alternativ å trekka grensa for analyseområdet lengre vestover. Dette er på grunn av at Kvinnherad-fjella er viktige for friluftsliv og har ein utfordrande topografi. Å trekka grensa vestover er det einaste fornuftige å gjera! Kvinnherad kommune har opp gjennom åra gitt mykje til fellesskapet gjennom storstilt produksjon av vasskraft. No ønskjer me at kommande generasjonar skal kunna ha glede av naturen i Kvinnherad, og ikkje at området blir rasert som følgje av forhasta og lite gjennomtenkt energipolitikk. Naturmangfaldslova sitt føre-var prinsipp og prinsippet om samla belastning er totalt uforenleg med vindkraft i Kvinnherad-fjella.
Me bed med dette om at NVE går for den føreslegne alternative avgrensinga av området, og tek heile Kvinnherad ut av planen.