Høringssvar fra Annlaug H. Rød
NEI til vindkraft på land!
Som ein av grunneigarane i område utpeika som veleigna i Uskedalen, Kvinnherad, vil me protestera mot Nasjonal ramme for vindkraft på land.
Som grunneigarar, hytteeigarar,jeger og glade i naturen, kjenner me best til vårt eige terreng.
Heile området her framstår i dag som urørt natur.
Området er verdifullt for friluftsinteresserte, og mykje brukt til turar. Det er så nær busetnaden at folk kan ta ein tur etter arbeidstid, og dei fleste klarer å gå opp dit. Det er minst 14 hytter i området; hytter som er hytter, utan veg og innlagt straum og vatn. Området er viktig for sauebeite og hjortejakt, for bærplukking og for fiske i Mannsvatnet. Eit rikt dyre- og fugleliv har gitt og gir flotte opplevingar til både små og store.
Ei utbygging med vegar og turbinar ville føra til uopprettelige skadar på landskapet, og ville i tillegg vera synlige på mange mils avstand. Mellom anna ville turbinar i Uskedalsfjella vera veldig synlige frå Baroniet i Rosendal. Reiseliv er ei stor næring, og naturen er ein viktig grunn for at turistane kjem hit.
Mannsvatnet er i dag regulert til Tverrelva kraftverk, og kan stå som eit døme på at Kvinnherad, Vestlandet og Norge har tatt sin del av kraftutbygging.
Mykje av det me har nemnt her, kan og seiast om dei andre områda i Kvinnherad. Ingen andre av dei utpeika områda er heller eigna for vindturbinar. Naturen og nærområda våre er så verdifulle at me ikkje kan ødelegga dei med vindindustri.
Me ber derfor om at heile Nasjonal ramme for vindkraft på land, og andre planar om vindkraft på land, blir lagt vekk for godt, og at ein heller satsar på andre former for energi.