Høringssvar fra Ulf Frøystein
Eg vil som privatperson med dette gi uttrykk for mitt syn på NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land.
Eg meinar at det i Norge ikkje må satsast på vidare utbygging av vindkraft på land i det heile, men vi må vidareutvikle vår kompetanse innan olje- og havbruksretta teknologi for å kunne skape ei satsing på havvind, bølge og tidevatnkraft. Norsk oljeretta industri har / får behov for nye satsingsområder etter kvart som det grøne skiftet fører til at oljeaktiviteten vert mindre. For å klare denne omstillinga må staten inn som ein mykje meir aktiv pådrivar og deltakar enn den har vore til denne tid innan desse områda.
Også opprusting av større og mindre gamle kraftverk har store potensial for å auka den norske straumproduksjon, og med miljøhensyn som viktig faktor kan dette gjerast med små belastningar på natur og miljø til langt mindre kostnader enn bygging av nye og store vindmølleparkar i urørd natur.
Som fødd og oppvaksen på Husnes i Kvinnherad ligg det meg og sterkt på hjarta å sleppe utbygging på dei i høyringsutkastet aktuelle områda i Kvinnherad. Her i kommunen er vi alle reie ein stor kraftprodusent der opp mot 90% av all vasskraft er utbygd med til dels store inngrep i naturen, særleg inn mot Folgefonna både frå Matre og Mauranger. Også mange mindre anlegg rundt om i kommunen er med og bidreg til at den samla grøne straumproduksjonen i Kvinnherad er på om lag 3% av norsk produksjon. Bare dette skulle vel tilsei vi har ofra nok, og såleis vere grunn nok til at vi kan sleppa vidare øydelegging av naturen vår. Ikkje for det, det finest mange andre og minst like vektige argument mot ei slik utbygging.
Hardangerfjorden med Kvinnherad og vidare innover til Hardanger er eit stort satsingsområde når det gjeld turisme, der fjord, fjell og urørd natur er viktige element. Store vindmøller plassert frå lavareliggande områder på Fjellberg, Borgundøy og Halsnøy, og vidare til dei høgareliggande fjella i området mellom Utåker, Husnes og Uskedalen, samt områda rundt Blådalen og Fjellhaugen vil vere særs dominerande framandelement frå lenge før ein møter innseglinga til Hardangerfjorden, samt frå store deler av Hordaland og enno vidare. For å seie det slik, dette vil heilt klart ikkje vera med og auka verdien av Hardanger som turistmål.
Dei negative konsekvensane store vindmøller har på plante- dyre- fugle- og insektsliv skulle vera vel dokumentert frå tidlegare utbyggingar, men eg nemner det likevel her. Vi har ikkje bare eit klima under press, men og eit pressa artsmangfald å ta vare på for å sikra ei leveleg framtid for kommande slekter og generasjonar.
Til sist vil eg spesifikt peika på det unike og store samanhengande området mellom Utåker, Husnes og Uskedalen, her ein finn særdeles variert natur med slake furuskogkledde lier langs fjorden frå Utåker til Uskedalen, fleire dalfører med vassdrag frå fjell til sjø og heiar med særs gode beiter. Nord og og aust, frå Uskedalen mot Matrefjorden finn vi høge, steile og ville fjell. Frå Husnes mot Utåker er ikkje fjella like ville og høge, men dei er med å skapa ein heilskap i eit stort og unikt naturområde med variert natur, rikt dyreliv og unike moglegheiter for rekreasjon og friluftsliv. Ein finn hjort, rådyr og elg i skogsliene, tiur og orrfugl spelar på fururabbane og på heia og toppane kurrar rypene medan ørna seilar på breide venger og held oppsyn med det heile. Heile dette området er i lita grad prega av menneskeskapte inngrep, frå gammal tid har det vore tradisjonell stølsdrift og beiting, og ein finn og nokre enkle hytter og buer. Det har frå tidlegare tider vore mindre reguleringar i ulike vassdrag for å skaffa vatten til sager og kverner, også er det nokre småkraftverk og mikrokraftverk med mindre vassinntak, mellom anna i Onarheimselva og Valeelva. Det einaste inngrepet av noko storleik i området er kraftlina frå Matre til Husnes som forsyner Hydro Aluminium med straum. Denne lina går over sørenden av Svanaheia mot fjella ovafor Valen og rundar der mot Matre, høgste området for lina er mellom Svanaheia og Svartatjørna der ein når opp i om lag 530 mtr. over havet. Lina er heilt klart ikkje ein pryd for området der den går, men er like vel eit lite inngrep i eit ellers uberørt naturområde sett opp mot verknaden ein stor vindmøllepark vil ha.
Fjella vert nytta heile året, om sommarane for store saueflokkar som beiter i området, om hausten vert det dreve jakt på storvilt og fugl. Heile året vert området nytta til rekreasjon og friluftsliv for den tettast befolka delen av kommunen. Namneprotokollar som er utplasserte ulike plassar i området dokumenterar denne omfattande bruken. Men området har og appell til folk frå andre stader i landet, mellom anna kjem dei for å ta del i eit særs aktivt miljø for fjellklatring i Uskedalen. Slike aktivitetar er viktige og med på å skapa grunnlag småskala turisme og anna lokalt næringsliv.
Skal dette området verta utbyggt med vindmøller vil det vere eit kjempestort ureversibelt inngrep som vil bandlegga dette store og eineståande naturområdet for all framtid, og det vil fråta store brukargrupper uerstattlege verdiar og for alltid gjera at dei må bera kostnadene for andre utanforståande sin trong for rask forteneste. Er det slik at Kvinnherad ikkje har ytt sitt for storsamfunnet med omsyn til produksjon av fornybar energi kan ikkje løysinga vere store vindmølleanlegg frå strand til høgste fjelltopp, då må innsatsen konsentrerast om å effektivisera eksisterande vasskraftanlegg, energieffektivisering av tap ved overføringav straum samt efektivisering av privat, industrielt og offentleg forbruk. Også utvikling av teknikk for å henta energi frå bølger, tidevatn og havvind er områder det kan og bør arbeidast vidare med.
Eit lite hjartesukk til sist, kva skal oldebarnet mitt, vesle Frøya på 3 månader, gjera dersom ho eller hennar etterkomarar skulle ha trong for litt frisk natur, eller for den del eit fjell å plassera ei vindmølle på, og me i vår jakt etter kortsiktig forteneste har brukt opp dei moglegheitene som ein gong var?
Er det ikkje på sin plass at vi og vår generasjon kan spare natur og resursar til kommande slekter slik at dei og kan få moglegheiter til å gjera sine valg for kva slag liv dei ønskjer å leve?