Høringssvar fra Arvid Tjørhom
Var desverre med og vedtok vindmølle på Tonstadheie. Det blei litt redusert og skulle ikkje bli så synleg.
Problemet i ettertid er at vindmøllene på Tonstad er noko heilt anna enn det det blei søkt om. Har blit mykje større, større inngrep i naturen en det som blei forespeila. Dei var ikkje ærlige med den informasjonen som blei gitt til folk eller folkevalde.
Var også med på befaring og det var ikkje slike dimensjonar på vegane det var snakk om. Det skulle gjerast så skånsomt og gli inn i naturen.
Eg ser i ettertid at eg gjorde eit feil val.
I dette høve var utbyggaren uredelige om informasjon for å få godkjenning. Det ser me i ettertid.
Det skulle aldri blitt godkjent.
Ikkje skaper det varige arbeidsplassar lokalt og pengane reiser ut og vi sit at med svarteper.
Dette er ikkje noko som har og gjera med grønt skifte. Dette er kunn profitt på skattebetalarane si rekning med den subsidieringa som blir gjort.
Ordet eg vil bruke er miljøkriminalitet og grådigheit, det er ikkje for å redde miljøet.