Høringssvar fra Tysnes Arbeiderparti
Høyringsuttale frå Tysnes Ap.
Store deler av Tysnes er inkludert i NVE sit forslag til nasjonal ramme for vindkraft. Det ligg innafor analyseområdet ”Sunnhordland og Haugalandet”. Tysnes Ap meiner at det ikkje skal byggjast vindmøller i Tysnes kommune. Tysnes er ein relativ t liten kommune, men har variert natur frå fjord til fjell. Fjellheimen vår er å betrakta som eit einaste natur reservat med eit rikhaldig dyre- og fugleliv.
Det skulle vera kjent at vindmøller verkar spesielt øydeleggjande for dyre- og fuglelivet og også for insekt. Tysnes har fugleartar som treng særleg vern. Insekt i store mengder vert og drepen av vindmøller. Når insekta døyr påverkar det næringskjedene i naturen, fuglar og pattedyr får ikkje mat, jordbruksvekstar vert forstyrra og øydelagd. Insekt bidreg til nedbryting av organisk materiale, og ikkje mint til frøspreiing for mange plantar.
Heile vår fjellheim er svært mykje brukt til turområde. Dette gjeld både vinter og sommar. Mangeårig arbeid er lagt ned av eldsjeler med å rydda og merka turruter og stiar. Vi snakkar om fleire tusen besøkande kvart år som nyttar seg av turområdet.
Å endra fjellnaturen vår til eit gigantisk industriområde, med slike dramatiske fysiske inngrep, framstår for oss til å vera eit historisk feilgrep, som ikkje vil vera reversibelt. Vi trur og at utbyggingskostnadane vil vera usannsynlig høge i eit såpass krevjande terreng å byggja slike svære framkomstvegar, i tillegg til sjølve mølletomtane.
Tysnes Ap stiller og eit stort spørsmål ved konsekvensutgreiingane ved slike utbyggingar. Fram til no har mange, kanskje dei fleste vindturbinanlegga vore basert på 20 år gamle konsekvensanalyser. Dette er sjølvsagt ikkje haldbart i dag.
I ny konsekvensutgreiing for vindmølleutbygging i Norge, må det m.a.takast hensyn til fersk NTNU studie som syner at Norge kan henta ut mellom 20 og 30 terrawatt timar (TWh) med å oppgradera vasskraftanlegg som vi har i drift i dag. Så eit stort spørsmål i debatten framover, vil jo vera; treng Norge å ofra naturen sin for henta fram disse ekstra TWh? Treng vi ofra naturen vår for å tilfredstilla investorane i sveitsiske Credit Suisse, i tyske Prime Capital, i tyske Stadtwerke Munchen, osv ?
Vi ber med dette om at NVE tek heile Tysnes ut av planen.