Forsiden

Høringssvar fra Cathrine Haugland

Dato: 30.09.2019


Nei til vindkraft i Kvinnherad!

Som grunneigar i Uskedalen og dagleg brukar av naturen er eg sterkt i mot å få vindmøller til Kvinnherad.
Kommunen vår er vide kjend for vakker natur og unike turmoglegheiter. Turistar kjem frå heile verda for å nyta den flotte naturen vår. Ein artikkel i det verdskjende magasinet «Climbing Magazin» (https://www.climbing.com/places/higher-calling-untouched-pristine-granite-domes-in-norway/ ) vitnar om at vi har noko heilt unikt å tilby gjestene våre. Naturen og alle dei ulike moglegheitene vi har til å nytta den, er óg absolutt ein av dei sterkaste grunnane til at folk vel å busetja seg her. Utbygging av vindkraft vil vera ei rasering av den vakre fjellheimen vår og få negativ innverknad i eit distriktspolitisk perspektiv. Kvinnherad bidreg i stor grad til kraftforsyning i Noreg gjennom store vasskraftutbyggingar. Som grunneigarar er vi allereie involvert i ei slik utbygging. Vi forlangar at Kvinnherad vert teke ut av den nasjonale planen.