Forsiden

Høringssvar fra Magnus Melvær

Dato: 30.09.2019

Vindkraft på land er lite miljøvenneleg.

Ein forsøkjer å redde kloden ved å øydeleggje naturen, som om klima og miljø ikkje er to sider av samme sak. Klimareknestykket for levetida og produksjonen av ei vindmølle er ikkje positiv sett frå dette perspektivet. Ein har framleis ikkje nokon plan for korleis ein skal handtere brukte møller og delar frå desse. Der møllene no er plassert truar allereie raudelista artar, slik som ryper, ørn, hubro og diverse trekkfuglar.

I eit økonomisk perspektiv vert møllene gunstige for utbyggjarar på grunn av fordelar gitt av den norske regjeringa. Grunneigarar vert lokka med små summar som gjev kortsiktig gevinst, sjølv om det ofte er stor motstand i lokalbefolkninga generelt. Viktige område for biodiversitet og lokalfriluftsliv vert rasert og industrialisert, og dermed fell ein viktig arena for folkehelse og økologi vekk. I ei verd med eit stadig umetteleg behov for straum må ein stoppe opp og spørje seg om dette er forsvarleg. Vindinstru legg krav på enormt store områder, og dette er også ei av dei største utfordringane ved global oppvarming - nemmeleg minka leveareal for trua artar.