Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn
Referanse: 104729
Vindindustri øydelegg urørt natur og trugar biologisk mangfald i dei områda den vert bygd ut.
Vindindustri øydlegg verdifulle rekreasjonsområder.
Turbinane gir sterk visull forureining, og bur dei nære nok vil lyden turbinane lagar, gje eit vedvarande ubehag. Dag og natt.
Utbygging av vindindustri øydelegg for turist- og reiselivsbransjen.
Vindindustri i Noreg er inga klimasak. Eg er er oppteken av naturen og miljøet, og det gjer meg trist å sjå korleis denne nedbygginga av fjell og utmarker seglar inn under falskt flagg.
Samalikna med vasskraft så kjem vindkraft verkeleg til kort.
Vindindustrien opplever subsidiebonanza. Dei insentiva selskapa får, er utan samanlikning. Det er skattebetalarane sine penger.
Mindre selskap og aggresive byråkratar bearbeider kommunar og grunneigarar og sel seg ut til utanlandske investorar når papirarbeidet er gjort. Kommunan sit at med ein liten skjerv, om dei vel å ha eigedomsskatt. 80 % av turbinane som er i drift i dag er eigd utanfor noregs grenser.
Vindkraft reduserer verdien av eksisterande vasskraft, motverkar oppgradering av vasskraftverk og krev store investeringar i nettet.
Mi sterke oppmoding er at de ikkje berre skrinlegg Nasjonal ramme for vindkraft, men at de trekk attende dei konsesjonane som er gitt, og at de set ein stoppar for vindkraft-kapittelet for denne gong.