Forsiden

Høringssvar fra Knut-Egil Ohnstad

Dato: 27.09.2019

Eg meiner utbygging av vindturbin industriområder må stoppast av fleire grunnar. Det er ein plan på ei storstilt rasering av norsk natur, utan sidestykke i historien. Det er stor fare for å øydelegge store og viktige områder i norsk fauna, med tanke på artsmangfaldet. Klimagevinsten er og minimal.

Det er heller ikkje bruk for denne krafta i Norge, tilsvarane kraftmengde kan utvinnast ved modernisering av vasskrafta vår. Inntektene av produksjon fra vindturbinområda vil i alt for stor grad gå ut av landet, til selskap i utlandet. Kommunane og lokale næringsintresser sitter att med alt for lite av inntektene etter ei rasering av naturen.

Det er heller ikkje godt nok dokumentert at det blir sett av penger til opprydding av vindturbinområda etter endt produksjon. Eg trur den kostnaden vil tilfalle kommunen, og det vil sjølvsagt påvirke tenestane til innbyggarane negativt.

Den store lokale motstanden av ei slik utbygging syner seg over heile landet. Det ser ut til at denne regjeringa ikkje tar hansyn til dette. Lokaldemokratiet er trua av denne formen for aggresive næringsvirksomheit, der det ser ut som å få komme i gang med utbygging før lokal motstand stopper det, aukar på.

Det er og klandreverdig at politiet blir brukt som eit privat vaktselskap til fordel for utbyggarane, det vil redusere respekten for politiet på sikt.