Forsiden

Høringssvar fra Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening

Dato: 27.09.2019

Høyanger Kjemiske Industriarbeiderforening (HKIF) organiserer klubbar ved Hydro Høyanger, Nyrstar Høyanger og Nesseplast. Vi vil be om at område 49 (Sogn og Sunnfjord) ikkje blir ein del av nasjonal ramme for vindkraft.

Område 50 omfattar også delar av Høyanger kommune og må heller ikkje bli ein del av ramma. Standpunktet vårt er grunngjeve av at me ser vindkraft som ein trussel mot arbeidsplassar og busetjing i kommunen vår, men også av omsynet til naturlandskap og rekreasjon.

NVE har i sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft m.a. peika ut dei 13 områda som er dei «mest egnede områdene for vindkraft». NVE har såleis oppfylt mandatet sitt når det gjeld å greie ut kvar vindkraftinstalasjonar bør ligge, dette ut i frå politiske føringar. Dei politiske føringane er me sterkt ueinige i, då det pr.dags dato ikkje er behov for utbygging av vindkraft. Det er i dag overproduksjon av elektrisk kraft i landet vårt, og delar av denne produksjonen kjem i frå anlegg som har medført store naturinngrep. Me meiner at ei vindkraftutbygging, som medfører store naturinngrep i våre område, ikkje er naudsynt i dagens kraftmarknad.

HKIF sin motstand mot NVE sitt forslag går også på ei eventuell nasjonal ramme for vindkraft, då me fryktar at utbygging vil føre til at det norske kraftoverskotet blir enno større, noko som medfører auka eksport av elektrisk kraft, og derigjennom ein prisauke for både industri og private hushaldningar. Dette kan me ikkje sitte stille å sjå på, då me betraktar dette som ein trussel mot den norske prosessindustrien.

Mvh

Lars Kjetil Skeie

Leiar HKIF