Forsiden

Høringssvar fra Evy Maritha Hellebust Rogne/ Nei til vindkraft på Haramsøy

Dato: 02.10.2019

Eg uttalte meg tidlegare, der eg tydeleg er i mot den storstilte utbygginga av vindkraftverk i Noreg, landet vårt.

Her eg bur, har vi lenge kjempa for ein veg som skal binde saman nordøyane, ei perlerad av øyar nord for Ålesund, med fastland. Etter ein lang kamp, er vi optimistiske med tanke på at folk skal bygge og bu her vidare, og at næringslivet framleis skal utvikle seg, til nytte for både øyar, fastland, region og nasjon! I lyset av dette, vert det derfor heilt absurd å plassere vindturbinar på Haramsøy, ei av nordøyane. For det første øydelegg det naturen visuelt, stort inngrep på eit lite fjell. For det andre går det ut over fugleliv og turområde. Sist, men ikkje minst kan det øydelegge eit forventa positivt resultat av Nordøyvegen.

Derfor gjentek eg meg sjølv. STOPP planane for utbygging på Haramsøy! STOPP utbygging i landet vårt. Vindkraft er ikkje så miljøvennleg som ein trur, kanskje er det heller miljøfiendtleg!