Høringssvar fra Ulstein Grunneigarlag SA
Høyringssvar – Nasjonal ramme for vindkraft
Ulstein grunneigarlag SA er eit registrert lag som representerer alle grunneigarane i felles utmark på Ulstein i Ulstein kommune. (20 grunneigarar). Grunneigarane er samde om å seie nei til utbygging av vindkraft i Ulsteinfjella og krev at området for utbygging vert teke ut av planen.
Grunngjeving:
På grunn av topografien vil ei utbygging i dette området medføre store naturinngrep. Områda som er foreslått består også av mykje myr som ein veit inneheld mykje klimagass.
Vi ligg også i et trekkområde for fleire fugleartar. Området har også ein stor bestand av havørn, i tillegg er det ikkje langt til fugleøya Runde.
I vårt område ligg Ulsteindalen kraftstasjon. Slik vi ser det vert det no redusert kraftproduksjon her då magasinhøgda vert redusert med 2 meter. Det er feil å øydelegge meir Norsk natur før ein har utnytta dei resursane som ligg i allereie utbygde damanlegg og kraftstasjonar. Vi meiner at vasskraft må ha like økonomiske vilkår til modernisering og rehabilitering som vindkraft på land har for utbygging. (Gamle vasskraftverk som vil ruste opp til å produsere straum over ei viss mengde, må betale ein skatt på 59 %. Til samanlikning betaler ein 22 % skatt på vindkraft. Sjå artikkel her: https://www.nrk.no/rogaland/xl/fanga-blant-vindturbinar-1.14548474)
NTNU- Trondheim ved professor Leif Lia har gjennomført eit grundig forskingsprosjekt der konklusjonen er at opprusting og utviding av norske vasskraftverk kan gi like mykje straum som all planlagd vindkraft på land – og det med minimale naturinngrep. Dette betyr at vindkraft er overflødig.
Det er i dag under utprøving fleire alternativ måtar for energiproduksjon som ikkje raserer naturen på same måte som vindkraft på land.
Vindkraft på land har så store naturinngrep og øydelegg så mykje naturområder som det ikkje er mulig å tilbakeføre at vi trur komande generasjonar ikkje vil tilgi oss om ein seier ja til slik rasering.
Med dette som bakgrunn seier Ulstein grunneigarlag nei til utbygging av vindkraft i Ulsteinfjella og krev at området for utbygging vert teke ut av planen.
Styret i Ulstein grunneigarlag SA
Aksel Ulstein
Karsten Ulstein
Kjetil Ulstein