Forsiden

Høringssvar fra Njål Sivertstøl

Dato: 16.09.2019

Høyringssvar – NVE sitt forslag til nasjonal rame for vindkraft på land

Som hytteeigar i Vanylven Kommune og framtidig fastbuande i kommunen vil eg på det sterkaste protestere mot NVE sitt forslag til nasjonal rame for vindkraft på land.

Det «eigna» området på Hovda i Vanylven kjem alt for nær både hytta eg eig og huset eg skal busette meg i, og ei utbygging vil gjere både huset og hytta uråd å bu i. NVE tilrår sjølve ein avstand på ca. 4 gongar høgda på turbinane, det franske nasjonale akademiet for medisin tilrår 1500 meter avstand mellom hus og vindturbinar, medan Bayern og Polen har ei grense på 10 gongar høgda på turbinane. Kartet som ligg ved, viser at hytta er omlag 50-100 meter unna det utpeika området medan huset er omlag 600 meter unna. Det er svært mange andre hus og hytter i Vanylven som har tilsvarande avstandar til det «eigna» området.

Vidare vil ei utbygging totalt øydelegge mykje brukte rekreasjonsområder. Sjølv går eg fjellturar dagleg når eg er i Vanylven. Nystøylhornet åleine, som ligg innanfor det «eigna» området, hadde i fjor over 1.000 besøk. Dette er mykje i ein kommune med berre 3.000 innbyggjarar.

Til slutt vil eg understreke at for 10 år sidan ynskte Tussa, Vestavind Kraft, og Zephyr å bygge vindkraftverk på Hovda i Vanylven. Då var tre områder aktuelle. Det eine var Myklebustheida på Nordstranda, der ca. 50% av grunneigarane var i mot. Dei to andre var på platået ved Nystøylhornet, der ca. 70% av grunneigarane var i mot. Då som no protesterte både aksjonsgruppa Vern Hovda, innbyggjarar, grunneigarar, turistnæringa, og andre interessentar. Motstanden var så sterk at utbyggjarane valde å ikkje gå vidare med planane. Dette stod å lese i mange aviser, og det står å lese på selskapa sine nettsider den dag i dag.

Tussa har gjenteke dette i avisintervju det siste halvåret, og uttalar at dei no ikkje er interesserte i å bygge ut vindkraft i Vanylven fordi motstanden er for sterk og vindtilhøva for dårlege. Sidan førre gong har fleire eigedomar skifta eigar, og det er sterkare motstand både blant grunneigarar og andre innbyggjarar i dag enn det var den gongen. Kommunestyret i Vanylven vedtok dessutan 3. september 2019 å seie nei til vindkraftverk i kommunen.

Det er difor med stor undring eg les NVE skrive at det i «vårt» område er lite konfliktar rundt vinkdraft og at området difor er godt eigna. Rikeleg med lett tilgjengeleg informasjon viser det motsette.

Eg ber om at Vanylven blir fjerna frå NVE si rame om vindkraft på land.

https://temakart.nve.no/link/?p=høyringssvar

https://www.fjt.no/nyheter/article230227.ece

http://www.zephyr.no/legger-planene-om-vindkraft-i-vanylven-pa-is/

Vedlegg