Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 113919

Dato: 24.09.2019

Eg bur på Østlandet i eit område der det ikkje er planlagt vindturbinar. Mi eiga heimbygd på Vestlandet er heldigvis heller ikkje råka av denne raseringa. Likevel er dette som no skjer ei STOR SORG for meg, og HJERTET MITT BLØR for alle disse som skal måtte oppleve å få naturen omkring seg rasert på denne totalt unødvendige og heilt ubegripelige måten - i ei tid der nettopp det å ta vare på naturen er det viktigaste vi kan gjere i miljøsamanheng. Vi må ikkje snakke så høgt om raseringa av regnskogen i Brasil - denne raseringa er like ille og vi må feie for vår eiga dør!

Utbygging med vindturbinar kan ikkje samanliknast med hyttebygging i fjellet som nokon prøvar å antyde. Hyttebygging krev ikkje breie "motorvegar" med høge skjeringar langt opp og inn i urørt natur og dei er ikkje VISUELT SYNLEGE OG FORSTYRRANDE PÅ MANGE MILS AVSTAND. Hyttebygging er heller ikkje farleg verken når det gjeld støynivå, lysblink om natta, skyggekast, iskast og ikkje minst fare for at olje ved ein skade kan lekke ut og forurense grunnen - i verste fall øydelegge grunnvatn/drikkevatn. For ikkje å snakke om alle fuglar og insekt som blir mosa til døden.

Planane om å bygge svære vindturbinområde mot folks vilje er eit stort overtramp. Det er ei stor psykisk påkjenning for lokalbefolkninga og skapar store konfliktar og splittelse i små og sårbare bygdesamfunn. Den kortreiste naturen vil bli øydelagt - om vinteren blir slike område utilgjengelig pga fare for iskast. Dette i ei tid når det er mykje snakk om å bruke kroppen og kome seg ut i naturen. Støy frå vindturbinar kan også føre til fysiske plager og dårleg nattesøvn.

LANGTIDSVIRKNINGANGE OG OMKOSTNINGANE AV DETTE KAN BLI STORE!

Hadde det enda her vore snakk om eit 100-års perspektiv kunne eg kanskje ha forstått det, men det er snakk om ei levetid for turbinane på BERRE 20-25 år! SÅ store naturøydeleggingar for ein så liten periode. Alle snakkar om søppelproblemet når levetida til turbinane er over, men ingen seier noko om dei gamle skal erstattast med nye. Men då er kanskje ikkje den nødvendige strømmen til Europa så viktig lenger likevel - når dei som har tena seg rike på dette er ferdige med sitt...

I min ungdom var eg så heldig å få reise med Hurtigruta og oppleve heile den lange norskekysten UTEN vindturbinar. Kva skal vi no vise turistane som kjem til Norge for å oppleve urørt natur?

Så mitt svar er NEI til all utbygging av vindturbinar. Sats på oppgradering av vannkraftverk ved å gjere dette meir lønnsamt, og ikkje minst - snakk om strømsparing! Sjølv har eg nettopp innstallert varmepumpe og dette kunne ein heller brukt pengar på å subsidiere!