Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 199623

Dato: 29.09.2019

Vil ikkje ha vindkraftutbygging på land i min kommune Kvinnherad eller nokon anna plass på land i Norge.
Har ikkje funne særleg informasjon om kven som er ansvarleg for demontering og innlevering av brukt og kondemnert utstyr fra vindturbiner. Har forstått det slik at rotorblada har ei levetid på omtrent 10 år. Dei er konstruert av spesielt vanskelige materialer for gjenvinning, til nå er dei mange plasser levert på deponi og gravd ned i naturen. Plast type glassfiber og carbon er materiale som lever lenge etter at dei er blitt kondemnert.
Ei anna sak er korleis støy i ulike former påverkar miljøet og folkehelsa. Såg ei sak fra Danmark der et hagesenter som fekk ein vindturbin til nabo måtte avvikle. Ansatte fekk sjukefravær av nye årsaker og i et omfang som aldri tidligare var opplevd på den bedrifta.
I nabolaget var det og dyreoppdrett av pelsdyr, etter vindturbinen kom i drift fekk dei mangedobbla antall dyr med fødselskadar.

Ein type lyd som er lite informert om er infralyd (lavfrekvent lyd under 20 Hz). Forskerar i Finnland kunne måle slik støy 50 - 60 Km borte fra vindturbinar. 60 x 60 x 3,14 (pi) = 11.300 kvadrat Km for ein vindturbin. Dei kan påvirke menneske og dyr i et stort område, burde då vere minst 60 Km borte fra fastbuande. Ville dyr går fritt i naturen og vil miste store område som vil få ein lavfrekvent støy. Et anna problem er feks mygg og andre små flygande insekter som kan bli knust på turbinvengene. "Mat til småfuggel" vil bli redusert og den reduksjonen vil medføre at alle som lever av sine bytteartar oppover i stigen vil få redusert tilgang av mat, slik at det blir reduksjon av alle dyr i den næringskjeda.

For å lage ein vindindustri park (industrifelt) er det nødvendig med store "motorveier" i natur som ikkje har hatt noko veibygging fra før. På grunn av store lengder på bl.a. turbinblad feks. 75 meter til en turbin med Ø på 150 meter må veien fram til turbinen vere med stor radius på svingar og med jevn stigning. Ikkje følge naturen som kan ha mange dalar og søkk i området der turbinana skal monteres.

Virkningsgraden på ein vindturbin vil svinge etter kva vind som er tilgjengelig, er det vindstille slik det skjer nokre tider er det null effekt å hente fra vinden. Andre tider kan det vere meir vind enn turbinen kan gjere nytte av og den vil då produsere null for ikkje å ta skade av vinden som er for sterk for konstruksjonen.

Med store område omgjort fra natur til vindindustri område blir naturen svært skadelidande. Nokre område må få byggd infrastruktur på myr og Co2 lagra der blir frigjort for å bygge grønn energi - ein tar med den eine handa og gir med den andre.

Satsing på Norge for turistindustri blir omgjort til sightseeing i et industriområde. Den næringa vil bli svekka.