Høringssvar fra Bente Nesheim Johansen
Hei.
Eg er imot vindmøller både på land og til sjøs. Her er mine argument:
Me produsere pr i dag 10% meir strøm enn me forbruke.
Vindmøllene er til stor skade for fuglar, insekt og gjer store skade/inngrep i naturlandskap.
Vindmøller er ikkje bærekraftig. Dvs at frå utvinning av mineraler til ferdig produkt, har dei forureina meir og brukt meir energi enn dei nokon gong vil produsere.
Dei seier at me har vind som gjer dei driverdikt. Paradokset er at dei tåler ikkje sterk vind. Då står dei i ro.
Tyskland og Danmark redusere sine vindmøller. Danmark skal halvere sine. Kvifor det? Er det fordi me skal produsere og vandalisera vårt land i staden for? Og viss dei er så bra,. Kvifor tar dei å fjerna dei?
Det er pga grønne sertifikater/subsidier (som me betaler inn på kvar strømregning) som gjer at utbyggerne vil få ein fortjeneste.
Gi heller grønne sertifikatene til dei som ynskjer event solceller på taka osv.
Modernisert dei vannkraftverka som me har.
Det burde ikkje vore lov for nokon grunneigerar å selga våre fjell. Fjella og havet har me felleseige og felles plikt til å ivareta, meiner eg.
Eg er sterkt imot at utenlandske firma skal få konsesjoner og på den måten overta råderetten over vår natur. Og at kommuner og folket som bur der mistar bestemmelseretten over naturen. DETTA er eit sterkt svekking av vårt demokrati.
Vennlig helsing naturelskar som ynskjer å gi neste generasjon, landet vårt, lika vakkert som det er i dag.
Bente Nesheim Johansen
Etne