Høringssvar fra Hildegunn Rødset

Dato: 29.09.2019

Eg ser med stor sorg at landet vårt er i ferd med å øydelegges av vindkraftutbygging, og denne øydelegginga går skremmande fort. Skal det vera naudsynt å rasere den fine naturen vår til dei grader for å tekkes Tyskland og andre land sine behov for meir strøm? Vi ser ei skummel utvikling i disse dagar som ein ikkje kunne ha forestilt seg for berre eit års tid sidan. Korleis skal det gå med landet vårt viss dette får halde fram? Eg fryktar for framtida og for demokratiet, no som naturen vår nærmast er komen på billigsalg for utenlandske investorar og markedskreftane får slippas laus utan omtanke for dyrelivet og almenn trivsel for folket som bor her. Eg arbeider som turistguide og gjer meg mine tankar om kva som går tapt for turistnæringa etterkvart som landskapet blir dominert av høge vindturbinar og omdanna til industriparkar. Kven er interessert i å reise med Hurtigruta langs kysten vår viss ein lyt sjå disse monstermøllene heile vegen? Det er ikkje for seint å snu - bruk den forstanden dykk har i regjeringa og stopp galskapen, før landet vårt går tapt for alltid!

Hildegunn Rødset