Høringssvar fra Sportsfiskaren Kvinnherad

Dato: 10.07.2019

Sportsfiskaren Kvinnherad v/Ståle Schille Sandvoll 08.07.19
Heio 17
5452 Sandvoll

Sportsfiskaren Kvinnherad er eit uavhengig lag for sportsfiskarar og andre frilufts interesserte. Sportsfiskaren Kvinnherad har også tidligare engasjert seg i utbyggingssaker. I Staffiutbygginga var me i klar tekst imot denne utbygginga, men valde å legga oss på ei samarbeidslinje for på den måten gjere det me kunne for å få til ei mest mogleg skånsom utbygging. Det må her seiast at me i ettertid er stolte og glade for det arbeidet me gjorde og kva me fekk til i lag med SKL.

Når det gjaldt utbygginga av Valen Kraftverk så var denne todelt , og det same var Sportsfiskaren sitt syn på denne. Ei utbygging i fjellet som berørte Sitautvatn og Småstølsvatn var heilt uakseptabel, medan ei skånsam utbygging i sjølve Valedalen, sjølv om ho ikkje var ønskeleg var til å leva med.

Når det gjaldt utbygging av Onarheim Kraftverk sette me store fellestrekk mellom denne og utbygginga av valen Kraftverk.

Også her kom det til å føregå inngrep i naturen i det som kanskje kan kallast sårbart høgfjell, samstundes som ein stor del av utbygginga kom til å føregå i skogsterreng. Dette gjorde at me såg på konsekvensane av ei utbygging som todelte.

Men for å gå attende til Valen Kraftverk, så skreiv me: «Me i Sportsfiskaren Kvinnherad ser difor ikkje isolert på sjølve fisken. Då hadde denne utbygginga kanskje spela ei mindre rolle.» Så også i denne saka.

Vårt engasjement i denne saka bygde først og fremst på vårt syn på nedbygging av den attverande, nokolunde urørte naturen i Kvinnherad. Og i den samanheng er fjellpartiene Mannen, Mjelkhaug Handelandshorga , Englafjell og Ulvanosa nær sagt uerstattelege. Det er vel ingen stader i Kvinnherad kommune kor ein kan oppleva nærleiken til høgfjell i samanheng med skog og rennande vatn på ein slik måte som ein gjer ifrå Bremstølen og vidare opp mot Svartavatn. Det er og ein av inngangsportane for fleire fiskevatn i urørt natur inne på fjellet. Og dette rett utanfor «stovedøra» til det største befolkningssenteret i Kvinnherad.

Dette var ein kort presentasjon av sportsfiskaren og det arbeid og engasjement som driv oss.

Når det så kjem til Vindmøllesaka , så er det overordna synet hos sportsfiskaren at desse må plasserast til havs kor dei fører til minst skade på omgivelsane. Me kjem her ikkje til å snakka om KW. Ol då denne problemstillinga heilt sikkert vil bli lagt fram på ein betre måte av andre.

Det me kan sei noko om er dei områda kor me er kjent og kor me har uttalt oss om i tidligare konsesjonssaker . At me ikkje ønskjer vindkraftutbygging i nokon del av Kvinnherad, ligger i sakens natur og at me konsentrerer oss om ein del fjellområder må ikkje takast til inntekt for at me synes det er i orden at dei blir bygd andre stader i kommunen.

Me kan byrja i det området som blei råka av utbygginga av Staffi kraftverk. Denne utbygginga blei gjort utan at det blei laga anleggsvei inn i området bortsett til sjølve Kraftstasjonen. Legging av nødvendig kabel frå kraftstasjon og til lukehus blei utført på ein slik måte at det knapt er synlige spor etter dette arbeidet . Og sjølv om Nesjastølsvatnet er regulert med eit reguleringsnivå på ein m. så er HRV satt i samarbeid med representantar frå Sportsfiskaren Kvinnherad. Og slik at reguleringa vises i minst mulig grad.

Nesjastølsvatnet ligg i eit av dei mest brukte friluftsområda i Kvinnherad. Både sumar, haust, vinter og vår er det aktivitet her. I området frå Fjellhaugen skisenter og inn mot Folgefonna er det fleire fiskevatn som er lett tilgjengelige for både unge og gamle i området. Der kan ein kan få ei oppleving av urørt natur sjølv om mykje av områda er prega av vasskraftutbygging. Åkra Baugstrand Matre utmarkslag og Omvikedalen grunneigarlag sel og jaktkort i dette området. Noko som blir nytta av mange småviltjegarar . Vintersport/ påskeskiturar i Kvinnherad er synonymt med dette området . Dette gjeld spesielt områda på austsida av Blådalsvassdraget. Ingahogg , Reikatindane , Frankrikheiane, Sandvasshorga og Kvanndalsnuten.mfl. Sjølv om mykje av dei tre sistnemnte ligg i Etne kommune så høyrer dei geografisk til same området . Alle desse aktivitetane vil bli sterkt råka av ein eventuell vindmøllepark i området. Og ein kan konkludera med at ei utbygging vil ha ei øydeleggande effekt på kjensla av urørt natur i dette området.

Sportsfiskaren Kvinnherad er derfor sterk motstandar av ei rasering av friluftstilbodet i denne delen av Folgefonnhaløya.

Fjellområda frå Uskedalen og Matrefjorden mot Valen ,Husnes og Herøysund .

I dette området som er et av dei siste nokonlunde urørte fjellområda i Kvinnherad og som samtidig er lett tilgjengelig har det på kort tid vore fire konsesjonssøknader om vasskraftutbygging.

Sportsfiskaren Kvinnherad har levert uttale i to av dei. Men, ei vindkraftutbygging i dette området vil få så store negative konsekvensar for friluftslivet i denne delen av kommunen at me vil kommentera alle fire.

Konsesjonssøknaden for Eikeelva kraftverk.

Når det gjaldt Eikeelva kraftverk kom ikkje Sportsfiskaren med uttale. På s.19 pnkt.2.6.6 i konseeskonssøknaden for Eikeelva kraftverk står det som følgjer: Fylkesdelplanen har kategorisert INON-området Englafjell/Mjelkhaug/Ulvanosa til å ha en stor verdi. Fylkesdelplanen bygger på DN sine kartfra 2008.

Sjølv om dette kraftverket blei godkjent så kjem verdien av fjellområda fram.

Konsesjonssøknad for Børsdalen kraftverk.

Sportsfiskaren leverte heller ikkje uttale i denne konsesjonssaka.

Men me vel likevel å gå inn i konsesjonssøknaden for å sjå på grunnlaget for avslaget i denne konsesjonssøknaden. Her står det å lese på side 2 i bakgrunn for vedtak: I vedtaket har NVE lagt vekt på at tiltaket i stor grad vil berøre sårbart høyfiell, INON-områder av høyverdi og viktige friluftsområder av middels og stor verdi. Tiltaket vil skape varige sår i landskapet ogøke den samlede belastningen i området i lang tid framover.NVE finner etter en helhetsvurdering at fordelene ved tiltaket ikke overstiger skadene ogulempene for allmenne interesser som blir berørt. Kravet til vannressursloven $ 25 er ikkeoppfylt og konsesjon for etablering av Børsdalselva kraftverk kan dermed ikke gis.

Konsesjonssøknad for overføring av sitautvatn. I denne konssjonssaka leverteSportsfiskaren inn uttale. Dette er ei sak det kan seiast mykje om ,men me vel å legga fram Nve sin konklusjon til: Søknad om tillatelse til å overføre Sitautvatn til Valedalsvatn i Kvinnherad kommune i Hordaland fylke.

Her står det å lese i sammendrag s2 og konklusjon s7 Flere av høringspartene har uttalt at NVE må vurdere samlet belastning av omsøkte kraftverk itilknytning til f,ellområdene Ulvanosa og Englaf,ell-Mjelkhaug. I vår vurderinger av sumvirkninger idette fiellområdet er det søknadene om Børsdalselva kraftverk Eikeelva kraftverk, Valedalen kraftverkog overføringen av Sitautevatn som inngår.Området fremstår i dag som urørt. NVE mener at tiltaket vil skape store og varige sår i terrenget og aten revegetering i dette området vil ta lang tid, da det er begrenset med løsmasser her. NVE mener atoverføringen av Sitautevatn vil skape varige sår i et område med sårbart høyfiell av stor verdi og vilmedføre store tap i et INON område med stor verdi. NVE legger stor vekt på at tiltaket slik det eromsøkt vanskelig kan avbøtes med tiltak. Tiltaket vil dermed være i strid med Olje- ogEnergidepartementets retningsl inj er for små vannkraftverk.Vi vurderer at overføringen av Sitautevatn vilvære med å påvirke den samlede belastningen på sårbarthøyfiell av stor verdi, INON med stor verdi, landskap og viktige friluftsområder i f,ellområdetUlvanosa og Englafi ell-Mjelkhaug.Etter en helhetsvurdering av planene og de foreliggende uttalelsene mener NVE at ulempene vedoverføringen av Sitautevatn til Valedalsvatn er større enn fordelene. Kravet i vannressursloven$ 25 er ikke oppfylt, og NVE avslår derfor søknaden fra Valen Kraftverk AS om tillatelse tiloverføring av Sitautevatn til Valedalsvatn

Konsesjonssøknad valen kraftverk.

I denne konsesjonssaka leverte Sportsfiskaren inn uttale. Her står det å lese i Søknad om tillatelse til bygging av Valedalen kraftverk i Kvinnheradkommuneo Hordaland fylke. Bakgrunn for vedtak s.3 I vår vurdering av konsesjonsspørsmålet legger vi vesentlig vekt på forholdet til sumvirkninger forlandskap og friluftsliv for Valedalen kraftverk. Vi vektlegger også de virkninger tiltaket vil ha påinnfallsportene til fiellområdet Englaf,ell-Mjelkhaug. Tema fiske har vært av stor betydning forkonsesj onsspørsmå let.Etter en helhetsvurdering av planene og de foreliggende uttalelsene mener NVE at ulempene vedbygging av Valedalen kraftverk er større enn fordelene. Kravet i vannressursloven $ 25 er ikkeoppfylt og NVE avslår derfor søknaden fra Valen Kraftverk AS om tillatelse til bygging avValedalen kraftverk.

Dette vedtaket blei seinare omgjort. Men dette pga.kravet til oppgradering / sikring av Valedalsdammen.

Konsesjonssøknad for Onarheim Kraftverk.

Her leverte Sportsfiskaren inn uttale både til Begge alternativa

Her blei det gitt konsesjon , men først etter at SKL flyttet inntaket lengre ned i Hellansdelva. Dette for å unngå de konflikter ei utbygging i Bremstøldområdet ville medført. Dette var på lik lingje med vindmøllesaka ei sak som engasjerte mange personar gjennom Facebook . Saka er enda ikkje heilt avklart.

Men i .Bakgrunn for vedtak s1. Onarheim Kraftverk Kvinnherad kommune Hordaland fylke står det å lese

Onarheim kraftverk er omsøkt med tre utbyggingsalternativer. Alternativ 1 er planlagt med inntak ved Bremstølvatnetog medføreranleggstekniske inngrep i et mye benyttet turområde. Det vil virke skjemmende og fremstå svært negativt for opplevelsen avBremstølområdet. I alternativ 3 erinntaket flyttet om lag 200 meter og 25 høydemeter nedstrømsBremstølvatnfor å redusere konflikten med friluftslivog brukerinteresser. Som kompensasjon for redusert fallhøyde er dette alternativet omsøkt med høyere slukeevne enn alternativ1. Etter NVEs syn vil den høyere slukeevnen gi for store landskapsmessige virkninger gjennom færre dager med overløp, og redusert størrelse på de overløp som forekommer. Etter NVEs vurdering vil verken alternativ 1 eller 3 være i samsvar med kravet i vannressursloven § 25.

Oppsummering

Sportsfiskaren har i dette høyringsbrevet ikkje vore innom temaet fugl, pattedyr og fisk men prøvd å setta fokus på dei vedtaka som NVE har gjort i nokre saker som ligg i Kvinnherad Kommune. Me har som tidligare nemnt at ved å gjera dette ikkje vil bli teken til inntekt for ei utbygging i andre deler av kommunen.

Me har og ved å referera til dei vedtaka som NVE har gjort i desse konsesjonssakene vist at også NVE har lagt stor vekt på sårbar høgfjellsnatur, konflikt med friluftsinnteresser og den effekten desse utbyggingane vil hatt på INON sona i Kvinnherad. Men slik me ser det så vil ikkje desse utbygggingane om dei hadde blitt godkjent vist, og hatt den same øydeleggande effekten for områda ei utbygging med vindmøller vil få.

Når me snakkar om fjellområda ovenfor Husnes mot Uskedalen og Matre fjorden så er det umulig å ikkje ta med seg området Mannen. Eller rettare sagt området vest for Svartavatn mot Hardangerfjorden. Dette er same området, å sei at et fjell er meir perifert eller mindre verd enn dei andre fjella i området er og blir feil. Det er og så kort veg frå Melderskin som ligg ved Rosendal til Ulvanosa ,Englafjell og Mannen at vindmøller i dett område vil ha en stor negativ effekt på naturopplevinga.

Konklusjon.

Sportsfiskaren Kvinnherad er sterkt i mot ei vindmølleutbygging i Kvinnherad. Me forventar og at NVE følgje opp dei utsegna dei har gjort i dei sakene som me har teke fram i dette høyringsbrevet og seier nei til vindmøller i Kvinnherad.

For Sportsfiskaren Kvinnherad

Ståle Schille