Høringssvar fra Tove Kristin Sleire Tistel

Dato: 30.09.2019

Sleire, Masfjorden 30.09.2019

Naturen er særs verdifull for oss alle.

Områda i nasjonal ramme for vindkraft tek ikkje omsyn til naturen, topografi, lokalsamfunn, kulturhistorie og kulturminner, dyre- og fugleliv.

Å endre naturen med dei enorme inngrepa som må til for å få på plass vindindustri, vil øydelegge naturressursar som ikkje kan tilbakeførast eller erstattast.

Det er av størst verdi å bruke meir tid på å finne andre produksjonsmetodar for fornybar energi, utan yttarlegare inngrep i naturen.

Det er fortvilande som grunneigar i ein distrikskommune, å kjempa år etter år mot kommersielle aktørar som ynskjer å ta området, oreigna områder for å bygge vindkraft og tilhøyrande linjenett. Me forsvarer naturområde, naturressursar, artsmangfald, fugle og dyreliv, rekreasjonsområder, friluftseldorado, kulturhistorie, kulturminner og stølsområder. Det gjer me for å ta vare på noko som er so stort i verdi og som må komme dei neste generasjonar til glede og!

Lokal råderett over beslutningar knytt til naturen som er vårt fortrinn- er heilt avgjerande.

Me opplever at komersielle aktørar skildrar våre naturressursar og område, for det meste av "liten verdi". Konsekvensane for oss som bur i områda vert ikkje analysert og er heilt verdilause. Det er sårt og særs vanskeleg å forstå, det er eit stor overgrep på lokalsamfunna!

Eg ber dykk å skrinlegge planen og nasjonal ramme for vindkraft som er på høyring. Den legg opp til ei rasering av urørt natur og øydelegging av ressursar.

Med helsing Tove Kristin Sleire Tistel