Høringssvar fra Ingrid Sandvik Krakhella
4 månadar gamal vart eg adopert til Noreg frå Sør Korea. Til den vesle bygda Breidvik i Gulen kommune. Her skulle eg vere så heldig og vokse opp på ein gard i lag med familien min. Fjøra rett ved huset, yrande dyreliv, og ikkje minst, den fantastiske naturen og fjella rett bak husveggen.
Minnene er mange frå fjella som de no vil ta frå oss. Plassen som eg i alle år har søkt tilflukt til på tunge dagar, og som eg no stolt visar fram til min vesle familie. Plassen eg kan senke skuldrane og berre vere. Og plassen eg har fortalt dotter mi på 2 år, at her! Ja, HER skal ho kjenne seg heilt fri og berre nyte i framtida. Stillheit, fuglesang og ikkje minst friheit.
Og no har de fullstendig knust draumen min om at dotter mi skal få bruke fjella og denne uberørte naturen til det eg gjer, og til det den SKAL brukast til. For eg seier meg einig med Lars Monsen - de ynskjer faktisk å voldta fjella våre! Og de ynskjer å ta fra oss noko av det kjæraste vi har rundt oss i den vesle bygda vår. Mange gongar har vi vurdert å flytte heim igjen til garden der eg var oppvaksen. Kvifor lurer de? Jo, nettopp på grunn av tilgangen til ein fantastisk natur og mogelegheita til å boltre seg fritt utan bilstøy og trafikerte vegar. Men kva vil møte oss på fjellet om dei enorme vindturbinane blir satt opp? Jo støy, asfalterte vegar, store køyretøy att og fram... Og då undrar eg - kva er DÅ vitsen?
De har heile vegen gått ut i media om at de skal høyre på folket, høyre på kva fleirtalet i kommunen vil. Over 1500 mennesker i den vesle kommunen vår har skrive under på at dei IKKJE ynskjer dette overgrepet i naturen vår. Ordførar og kommunestyret har sagt nei, men likevel gjer de ALT for å få gjennomført dette overgrepet i fjella våre? Det er for meg heilt forkasteleg! De står på nyheitene og seier at "vi forstår at dette kan føles tungt for de som får disse turbinene i bakgården", men de ANAR ikkje kva det "føles".
Om de klarar å få dette gjennom, på tross av alt som veg i mot - ja, då byrjar eg seriøst å lure på kva demokrati vi har i Noreg. No må de opne augene og sjå heilheita av det som de no står over, og ikkje BERRE pengane.
Ingrid Sandvik Krakhella