Høringssvar fra Halvard Huus
Hei!
Ynskjer med dette å seie mi meining om utbygginga av vindkraft i norge generelt. Etter å ha fulgt forskjellige grupper mot vindkraftutbygging over noko tid, motstandarane på Frøya kan nemnast, har eg skjønt at vindkraftutbygging i det store og det heile er ei skandale og ei miljømessig katastrofe. Argumenta mot er mange og gode, argumenta for verkar som oftast å være utan truverde, iaf sett opp i mot alle negative sider. Eg nemnde Frøya, her er og andre, meir lokale eksempel, Stadt, Bremanger og Gulen. Sistnemnde bør ein merke seg spesielt sidan kommunen der sa tydeleg nei til utbygging, men vart ignorert av staten som likevel gav løyve til utbyggar, sovidt eg forstod det. Mitt håp er at vindmøllegalskapen stoppar umiddelbart og at økonomiske insentiv for å oppgradere og effektivisere eksisterande vasskraft vert iverksett snarast. Mvh. Halvard Huus.