Høringssvar fra Grunneigarar mot vindkraft i Hestadgrend, Gaular.
Fråsegn - Vedkomande Nasjonal rammeplan for vindkraft, område 19, fjellområdet mellom Gaular og Høyanger.
Frå fylgjande grunneigarar i Gaular:
- Olav Vågen – eigar av gnr 4, bnr 2, Kirkelidsund – skm. 1,20
- Aud Øvrestrand – eigar av gnr 5, bnr 2, Strand øvre – skm. 7,00
- Harry Årli – eigar av gnr. 8, bnr 1, Årlid – skm. 2,80, og Årlid ytre skm. 0,40
- Per Lien – eigar av gnr. 5, bnr 5, Strand øvre, skm 0,76, og gnr. 1, bnr. 2, 5 og 6 Horsevik skm. 0,81
- Ingunn Kjelstad – eigar av gnr.3, bnr. 2, Strand nedre, skm. 0,45
- Steinar Følid v/Helge Følid - eigar av gnr 2, bnr 2, Aarnes, skm. 0,30
- Marit Svortevik - eigar av gnr 1, bnr 3, Horsevik, skm. 0,25.
- Karsten Hestad – eigar av gnr 9, bnr 1, Årteig, skm. 3,05
Bakgrunn
I april i år vart vi merksame på at NVE hadde lagt fram ein rammeplan for område dei meinte var aktuelle for utbygging av vindkraft. Viktige kriterier var at områda skulle vere lite konfliktfylte, lite brukte av andre interesser, som beitebruk, friluftsliv, jakt og fiske, og ikkje vere påverka av verneplanar og liknande.
På same tid, og faktisk til dels før NVE sin rammeplan vart kjend for oss, vart einskilde grunneigarar kontakta av agentar for utbyggarar, som framstilte rammeplanen som ein utbyggingsplan. Dei fortalde at grunneigarar som var raske til å skrive intensjonsavtaler, skulle få godt betalt, og at dei som tenkte seg om, ville verte overkøyrde og tape store pengar. Det verkar underleg at utbyggingsinteressene hadde fått informasjon som lokalsamfunnet ikkje var kjende med. Utbyggarane har trumfa mange grunneigarar med krav om konfidensialitet, så det er vanskeleg å få full informasjon.
Dei to selskapa som har operert i våre fjellområde, er Fred. Olsen Renewables, og Zephyr/BKK. Begge selskapa har i kontakten med grunneigarar brukt tvilsame argument for å få inngått intensjonsavtaler med grunneigarar. Særleg har Fred. Olsen Renewables utmerka seg med sin arbeidsmetode. Dette har vi som grunneigarar reagert negativt på, og det har gått sterkt ut over utbyggingsselskapa sitt truverde i lokalsamfunna.
Utbyggingsselskapa sine handlemåtar og hastverk har og ført til ein meir polarisert og splittande debatt. Debatten har vorte meir innretta til for/mot konkret utbygging enn mot drøfting av prinsippa og kunnskapen i rammeplanen.
Vår reaksjon på NVE sin rammeplan.
Konklusjon:
Vurderinga av fjellområdet mellom Høyanger og Gaular må rettast opp i samsvar med dei opplysningane vi legg fram her. Dette må føre til at fjellområdet mellom desse to kommunane vert teke ut av planen. Både Høyanger og Gaular kommunar har sagt eit klårt nei til at fjellområdet skal vere med i den nasjonale rammeplanen.
Grunngjeving for dette er:
- Arbeidet med planen har vore for lite grundig når det gjeld å vurdere dei føreslegne områda i samsvar med NVE sine eigne kriterier.
- Fjellområdet mellom Gaular og Høyanger ser ut for å ha vorte føreslege berre ut frå at det ligg høgt over havet, og at det såleis bør blåse mykje, og at her finst kraftliner.
- Elles er dette valet i strid med NVE sine føresetnader. M.a. argumenterer NVE med at området er påverka av vasskraftutbygging. Faktum er at det no er lite synlege merke etter vasskraftutbygginga. Derimot vil vindkraftutbygging påverke og rasere dei urørde områda som ligg att på Gaularsida.
- Gaularvassdraget med heile sitt nedbørfelt er verna i Verneplan 4, etter stortingsvedtak i 1993. Området er forvalta etter Rikspolitiske Retningslinjer, RPR.
Berre dette burde vere nok til at vårt fjellområde vart halde utanfor rammeplanen. Vernet har lagt sterke avgrensingar på vår eigen bruk av området, t.d. ved vegbygging og utbygging av småkraftverk i sidevassdraga frå dette området.
- Topografien er slik at høgaste toppane og det mest aktuelle området for vindturbinar ligg på vår side. Skisser frå utbyggingsselskapa med omtrentleg plassering av turbinane syner dette klårt. I dette området er turbinane plasserte i 900 – 1100 m høgde. Med totalhøgde ein stad mellom 200 – 300 m vil turbinane vere synlege frå store deler av det busette Gaulardalføret, og mange bustadhus og hytter vert påverka av skuggekast. Mange stølshus og hytter i området vil verte utsette for iskast og støy. Det har vore antyda minst 60 – 80 vindturbinar i fjellområdet.
- Nasjonal turistveg – Gaularfjellsvegen, går gjennom heile området frå Balestrand til Sande og Moskog. Turistnæringa er i vekst, men vindkraftutbygging vil føre til at statusen som Nasjonal Turistveg står i fare. Statens Vegvesen har sagt klårt frå at vegstrekninga kan misse statusen som Nasjonal Turistveg dersom vindkraftutbygginga vert realisert. Det vil gå hardt ut over ei næring med stort vekstpotensiale. Mellom Hestadfjorden og Viksdalsvatnet ligg landskapsvernområdet ved Hestad kapell. Kapellet står på ein av dei eldste kyrkjestadene i fylket, eigar er Fortidsminneforeninga. Området vil verte sterkt påverka visuelt, også med skuggekast. Etter dei planane vi har sett, vert det også fare for støy frå næraste vindturbinane.
I høgmiddelalderen var Hestad kapell kyrkjestad for eit stort område, både i Gaular og Vadheimsområdet. Folk frå Vadheim hadde sin kyrkjeveg frå Markeset over fjellet til Hestadgrend. Det knyter seg fleire segner til desse strevsame kyrkjeferdene, og ein finn dei att i stadnamnet Bruraskardet, som ligg godt inne i det aktuelle området for vindturbinar. Dei siste åra har Kyrkja i Gaular arbeidd med å få etablert ei Pilgrimsrute over fjellet her.
- Fjellbeita har alltid vore viktige, no særleg for sauehaldet. Fjellområdet her har svært gode beite, høge lammevekter og lite tap. Vert området utbygt som eit industriområde, med vegar, store fyllingar og skjeringar i det kuperte landskapet, og 60 – 80 vindturbinar, vil store deler av beiteområdet gå tapt. Det er og svært usikkert korleis sauene vil oppføre seg både under og etter anleggstida.
- Friluftslivet i dette området er sterkt undervurdert av NVE. Området er mykje brukt som friluftsområde både sommar og vinter. Både folk frå Gaular og Høyanger har mange stølar og hytter i fjellet. Desse er populære utleigeobjekt, både for turgåarar, jegerar og sportsfiskarar. Blant dei som leiger regelmessig her, er det folk frå heile Sør-Noreg, og frå dei større byane, Bergen, Stavanger og Oslo. Vegen frå Vadheim forbi Markeset og inn i fjellområdet sør for Snøheia og Jemdalsnova gjev lett tilgjenge til storparten av området. Vert det bygt vindturbinar her, vil storparten av fjella her verte stengde og utrygge å ferdast i. Dette gjeld m.a. fare for iskast i store deler av området slik klimaet er her.
- Jakt og fiske er og har vore svært viktig. Rypebestanden har vore god, eit av dei beste områda i vår del av fylket. Rypa har vore på grensa til å verte raudlista, men bestanden er no aukande att etter nokre svake år. I fyrste del av jakttida er her mykje hjort, sommarbeita er viktige for hjortebestanden. Rypebestanden kan verte utrydda med vindturbinar over heile området. I fagrapportane til Samla Plan for vassdrag (1984), er området merka som svært viktig både for fugle – og dyreliv, med viktige trekkruter for hjort gjennom det planlagde anleggsområdet. I området er det og hubro på Gaularsida, og elles god bestand av storfugl og orrfugl. Det er og observert regelmessig hekkande kongeørn vest for Snøheia.
- Innflygingsområde for Førde lufthamn, Bringeland. Alt etter vind – og vertilhøve er dette inn – og utflygingsområde for Førde lufthamn, Bringeland, ein kortbaneplass med stor og aukande trafikk, likeeins for helikopterbasen til AirLift. Avinor kan gje meir opplysningar.
- Livskvalitet for oss som bur i bygdene her. Fjellområda, og bruken av dei, har alltid vore viktige både for næring og fritid for alle oss som bur her. I vår grend har vi hatt tilflytting og auke i folketalet siste åra. No, etter at vindkraftutbygginga kom på tale, er det fleire som seier at dei flytter bort om planane vert realiserte. Hus, hytter og andre eigedomar vert verdilause. Kven erstattar desse tapa?
- Helseeffekten er ikkje nemnd, men bør utgreiast av nøytrale ekspertar.
Vår reaksjon på utspela mot grunneigarane frå utbyggingsselskapa:
- Vi har allereie peika på ein lettvint omgang med sanninga hjå utbyggingsselskapa. Dei brukar og argument og framgangsmåtar som vi ikkje kan akseptere. Vi kjenner og til sterk misnøye med brotne lovnader frå andre stader i landet.
- Hastverk er lastverk. Utbyggarane har brukt argumentet at det hastar å skrive avtaler straks. Etter kontakt med advokat har vi fått forsikra at denne prosessen tek tid, difor vert hastverket berre ein del av utbyggarane sitt «bondefangeri».
- Opprydding når vindturbinane forfell. Det er førespegla at vindturbinane har ei levetid på 20-25 år, men det vert og sagt at erosjon av rotorblada startar lenge før. Utbyggarane treng ikkje stille garanti for opprydding før etter 12-13 år. Vi har sett at selskapa som får konsesjon, sel seg ut så fort dei kan, og det kan lett verte grunneigarane som sit att med millionkostnader.
- Konsesjonane vert gjevne på slike vilkår at utbyggar kan gjere store endringar t.d. på storleik og plassering av vindturbinane. Dette har vekt sterke reaksjonar frå grunneigarar og lokalsamfunn som vert overkøyrde. Frå utbyggarane vert det antyda at området vert rydda etter 25 år. Sanninga, iflg. advokat, er at konsesjonen vert gjeven med rett til fornying, i realiteten for «alltid». Lovverk og konsesjonsvilkår som vedkjem utbygging av vindkraft må endrast og oppdaterast, og verte likt anna lovverk som regulerer naturinngrep av ulike slag. Dei berørte kommunane må få vetorett utan atterhald.
- Lite ringverknader i lokalsamfunnet. Lokale entreprenørar og leverandørar har små sjansar til å nå fram på desse store anlegga. Det syner seg og at det er få lokale arbeidsplassar i driftsperioden. Vindkraftverka er og lite skattlagde, og svært lite eller ingenting av verdiskapinga tilfell lokalsamfunn eller kommune.
Vår konklusjon.
- Vi ynskjer ikkje fleire forhandlingar med utbyggarar. Det einaste svaret vi har, er at vi ikkje ynskjer ein einaste vindturbin i våre fjellområde, i nærleiken av våre bygder.
- Vårt klåre krav er at fjellområdet mellom Gaular og Høyanger vert teke ut av den nasjonale rammeplanen, og at vi som grunneigarar ikkje vert utsette for liknande trugsmål mot eigedomar og levekår/livskvalitet i framtida.
27.09.2019
Hestadgrend, 6973 Sande
Olav Vågen
Aud Øvrestrand
Harry Årli
Per Lien
Ingunn Kjelstad
Marit Svortevik
For Steinar Følid – Helge Følid
Karsten Hestad