Høringssvar fra Anonym landskapsarkitekt
Vyrde vassdragsdirektorat og anna godt folk i styrande organ!
Ver varsam med viddene våre. Fjella våre. Myrer. Skog og hei. Gauk og sisik, trast og stare. Ver varsom med villmarka!
Mykje lyt gjerast for å stogge klimaendringane. De skal ha stor takk for å ville gjere noko. Men sjå om det finst ein meir varsam veg. Forbetring av gamle vasskraftverk. Vindkraft langt til havs. Moglegvis også bioenergi.
Eg oppmoder audmjukt: Sjå på nytt om verda kan bergast, utan så valdsame inngrep i den vakre og verdifulle naturen vår!
Med von og vyrdnad,
Anonym landskapsarkitekt