Forsiden

Høringssvar fra Gaute Lund

Dato: 04.09.2019

Eg bur i Kvinnherad. Men eg er mot den aktuelle planen generelt.

I Kvinnherad er dei områda som NVE peiker på, heilt hårreisande. Eg har sjølv støl i Badnamyro, innanfor Aursdalen. Dette området vil bli skjemt stygt. Stølen var reist av min oldefar i år 1900 og har vore halde vedlike. Der tok min far meg med som guttunge, og eg tek mine barn og onkelungar med dit. Til helga skal vi dit med mi dotter og familie elles, eit lite bu som ligg diskret i terrenget. Den står open året rundt til bruk for alle. Det er også stølar rundt i kommunen som er bygd eller satt i stand av lag og eldsjeler, til glede for alle.

Det er enkelte parti som seier dei er mot vindkraft i URØRT NATUR. Det er noko tull. Naturen i Kvinnherad er ikkje "urørt". Den er rørt. Som av min støl, frå 1900. Eller kraftlinjer. Det er framleis natur og naturmangfald her.

Naturverdiane er ein av dei få tinga vi i denne kommunen har som er særleg attraktivt. Estetisk, støy, vegar, planering, iskast - det er så mykje som gjer at vindkraft vil øydeleggja store område. Dei som vil koma her med vindkraft, gjer det på eige ansvar.

Dette gjeld truleg for stort sett alle område i Noreg. Vindkrafta gjev lokalsamfunna berre symbolske judaspengar. Ingen heimfallsrett. Ingen konsesjonskraft. Ingen arbeidsplassar. Vasskrafta gav arbeidsplassar og offentlege inntekter som monna. Vindkrafta gjev lokalsamfunna mest ingen ting.

Eg viser elles til

  • Høyringssvaret til Sosialistisk Fellesliste
  • Høyringssvaret til Kvinnherad kommune
  • Høyringssvaret til Kvinnherad turlag