Høringssvar fra Ingrid Haugen
I kraftkommuna Bremanger, og spesielt kommunesenteret Svelgen, der eg bur, er vi fullstendig omkransa av straummaster og straumleidningar i alle retningar og på alle fjelltoppar. No er det igangsett bygging av to vindturbin"parkar" på Guleslettene og Hennøy. Det tredje har også fått konsesjon - i ytre Bremanger. Den sistnemnde er av NVE frårådd utbygd, men ved eit pennestrøk sat dåverande energiminister Terje Søviknes eit kryss over alle innvendigar og prosjektet er i gang. Dette prosjektet vil vere svært ødeleggande! Det vert straumkabel tvers forbi Hornelen, Europas høgste fjellklippe, ein kjenner ikkje konsekvensen for fugletrekket som går rett over området. Som kjent har 100 havørner mist livet på Frøya pga vindturbiner. Eg kan ikkje komme på eitt einaste godt argument for å bygge det tredje raserande prosjektet her i kommunen. Ikkje blir det arbeidsplassar og energiproduksjonen vert forsvinnande liten. Guleslettene er kjøpt opp av ein amerikansk milliardær. Naturen, som er MYKJE brukt i alle områda, er for alltid øydelagd. Desse utbyggingane er basert på noko av det mest udemokratiske grunnlaget eit har sett i nyare historie. Ettertida vil takke dei som klarar å stoppe denne galskapen - det må ta slutt!