Høringssvar fra Jarle Røstbø

Dato: 01.10.2019

Det er ikkje aktuelt med vindkraft på land i det heile.

Eg seier nei til vindkraft fordi.

- Eg ønsker framleis å kunna gå til fjells sommer som vinter utan å måtte gå på vei eller med fare for å få is kasta rundt meg, men om vinteren vil det vel bli stengt?

- Eg ønsker at fugle og dyrelivet skal vera som det er.

- Eg ønsker fortsatt å kunne ligge i ei hengekøye på heiakanten og sjå på hjorten som går forbi,utan å høyre susen av anna enn orrfuglane som fer forbi.

- Eg ønsker at etterkommerane mine også skal få oppleva den same fine naturen me har vakse opp med.

- Eg ønsker ikkje at investorar skal få tjene nokon få kroner meir fordi nokon sel landet vårt.

- Eg ønsker å få kunne bruke fjellet til å trene også i framtida, det er eg heilt avhengig av for å kunne fungere.

Eg legg ved loggen min til Mjelkhaug siste to åra.

Det får ikkje lage eit industriområde av fjella våre.

Vedlegg