Høringssvar fra Hallvard L. Slettevoll

Dato: 28.09.2019

Eg stiller meg svært undrande til NVE sin plan.

Den viser ikkje den totale belastninga vindkraft har på urørd norsk natur, ved at ikkje alle innvilga og oppstarta anlegg er vist. Bevisst manipulering ?

Norge har langt betre alternativ om vi skal frigjere meir berekraftig energi. Sparing av eksisterande ressursar er det som gir best resultat for natur og klima. Når høyrte vi sist frå regjeringa at vi må spare på den unike vasskrafta vi tross alt har ?

I kartet som NVE har laga, ser det ut som fokus skal over på Norge inkludert Sverige. Grensa mellom dei to landa er ikkje synleg . Ei manipulering som er bevisst ?

NVE har med dette forslag blottlagt sin manglande forståelse av kva folket vil akseptere.

All vindkraftutbygging i landet må umiddelbart stoggast og reverserast.

Ingen dokumentert klimagevinst i desse anlegga, kun ein stordtil rasering av dyrear og uerstatteleg natur som folket er avhengige av for å ha eit normalt liv og rekreasjon.