Høringssvar fra Oddlaug Yri Jørgensen

Dato: 29.09.2019

Nei til utbygging av vindkraft i Kvinnherad/høyring til Nasjonal ramme For vindkraft

Som Kvinnhering vil eg at mine barn og barnebarn skal kunne oppleva kjent og kjær natur, fjell og fjord slik eg kan det utan at landskapet er øydelagd av store, skjemmande inngrep for å leggja til rette for vindkraftutbygging.

Sjølv om 85% av vasskrafta i min kommune er bygd ut, og mykje av naturen er prega av dette med anleggsvegar, tippar, fyllingar, damanlegg og regulerte vatn og elver, er dette mitt landskap, ein viktig del av min identitet og noko eg vil at framtidige generasjonar av Kvinnheringar framleis skal ha tilgang til.

Utbygging av vindkraft vil, slik eg ser det, øydeleggja desse enda vakre landskapa sin verdi som frilufts- og rekreasjonsområde med ubotelege skadeverknader på natur, artsmangfald, dyr, fugl og insektliv. Vi kan ikkje redda klimaet ved å øydeleggja naturen. Intakt natur og økosystem er tvert i mot ein føresetnad for å ta vare på klimaet. Desse inngrepa vil vera permanente og irreversible i form av opptil 250 m høge turbinar med støy opp mot 110 desibel, blinkande høgintenst lys og farlege iskast frå turbinane. Frå andre stader i landet ser vi at landskapet blir omgjort til industriområde med massive og permanente inngrep, skjeringar, oppstillingsplassar og anleggsvegar.

Som nemnd er 85% av vasskrafta i Kvinnherad bygd ut tilsvarande 3% av Noregs grøne energi. Dagens statlege subsidiar og skattlegging favoriserer vindkraft så mykje at betre, billigare og meir skånsame alternativ som enøk og oppgradering av eldre vasskraftverk blir mindre lønnsame. Dette medfører at private selskap får gjera uboteleg skade på nasjonale naturverdiar utan å betala eitt øre til samfunnet for øydeleggingane. Med ei politisk omlegging av rammevilkåra tilsvarande dei som gjeld for vindkraft, ligg forholda særs godt til rette for ei effektiv modernisering av dei gamle vasskraftanlegga i kommunen med eit stort potensiale for uttak av meir grøn energi og med minimale og mykje meir skånsame naturinngrep.

Når og viss ein skal byggja ut vindkraft synest det, av mange grunnar, langt meir fornuftig å satsa på havvind.

  • Vindressursane i Nordsjøen er stabile og gjennomsnittleg vindstyrke er ideell for vindkraft.

  • Noreg er verdsleiande når det gjeld kompetanse på offshoreteknologi og mange bedrifter meiner det er på høg tid at en politisk satsar på denne framtidige vekstsektoren.

  • Havvind vil med fornuftig utbygging vera langt mindre konfliktfylt enn vindkraft på land.

I tillegg har ein sjølvsagt andre alternative energikjelder, som solenergi, jordvarme, bioenergi og på sikt bølgjekraft og havstraum.

Reiseliv og turisme, basert på natur og kulturopplevingar, blir ei stadig viktigare næring i Kvinnherad. Moglege vindkraftområde er peika ut kloss i nasjonalparkgrensa og Hardangerfjorden og vil fullstendig underminera føresetnadene for turisme knytt opp mot bruk av naturen, som til dømes hytteutleige, organisert jakt og turar til fjells og på fjorden. Dette er særs viktige aktivitetar og næringar som er med å halda liv i utkantbygdene og som samstundes gjer at natur og kulturlandskap blir ivaretatt. Det er og viktig å trekke fram at Uskedalen er i ferd med å utvikla seg til ein internasjonal klatredestinasjon, noko som vindmølleutbygging effektivt vil setja ein stoppar for.

I eit folkehelseperspektiv er tilgang til vakker natur og friluftsliv særs viktig. Utnytting av natur, landskap og kultur til rekreasjon og friluftsliv sommar som vinter vil bli øydelagt dersom det blir vindkraftutbygging. Dette vil og verka negativt i høve tilflytting og rekruttering til lokalt arbeidsliv, trivsel, folkehelse og livskvalitet generelt.

Det er og problematisk at den lokale, dugnadsbaserte tilrettelegginga for lokalt friluftsliv i form av stiar, opne hytter og anna tilrettelegging no kan bli ramma. Døme på dette er dei fem særs populære, opne hyttene reist på dugnad av Vardhaugselets vener i Husnes - Utåkerfjella. Dette er særs populære turmål som bidreg sterkt til aktivitet og folkehelse. Vårt lokale Fjellhaugen skisenter vil og bli sterkt skadelidande om det kjem vindmøller på det populære ski- og toppturfjellet Ingahogg rett i nærleiken.

Det er og demoraliserande og undergravande for folks rettsoppfatning at ein tilsynelatande kan rasera natur og landskap med sentralmaktas velsigning mens det, i mange tilfelle, er nærast umogleg t.d. å få reist ei lita hytte eller hus på farsgarden.

Eg kan ikkje sjå nokon gode argument for å bygga ut landbasert vindkraft korkje i Kvinnherad eller andre plassar i landet når vi har så mange andre betre alternativ. Dei einaste som tenar på det er private selskap i inn- og utland sterkt subsidiert av gunstige statlege rammevilkår.

Konklusjon

På bakgrunn av punkta over krev eg at Kvinnherad vert tatt ut av Nasjonal Ramme for Vindkraft.



Med helsing Oddlaug Yri Jørgensen Uskedalen 29.09.2019