Høringssvar fra Marit Teigen
Nei til vindkraftutbygging i Kvinnherad!
Eg har vakse opp i og er sterkt knytt til naturen i Kvinnherad som det no ligg føre planar om vindkraftutbygging i. Eg støttar meg fullt og heilt til den grundige, faktabaserte uttalen til Kvinnherad Turlag. Sjølv er eg lamma av uro, og det er vanskeleg å skrive ein sakleg uttale, når frykta grip sjela for rasering av fjella, naturen og alle som vert heimlause om planane om vindindustri går gjennom. Tenk ein plan for øydelegging av det kjæraste me har – naturen og fjella som me er ein del av.
For meg har det å få ferdast i naturen i Kvinnherad, aleine, eller saman med dei eg er glad i, vore av det som har gitt mest verdi og meining i mitt liv. Det er i møta med alle dei som bur, lever, bygger reir, hekkar, leikar, har omsorg for kvarandre, kviler, kommuniserer, er glade i kvarandre, er på vakt for kvarandre og samarbeider når ytre farar trugar for å nemna litt av den oppdaging, læring og rikdommen denne naturen har gitt meg. Kva om planen om vindkraft vert ein realitet her? Kva vil skje med heimane deira? Kor skal dei gjere av seg? Kven spør dei?
Det er i mitt møte med urørt natur og dei som bur og lever der eg også møter det urørte i meg sjølve, og som ofte skaper klangbotn for mine beste tankar og handlingar, og vissheit om at eg er ein del av naturen og dei som lever og bur der. Eg har alltid tenkt at heimefjella vil bestå som trygge bautaer i ei omskifteleg verd. Det har vore godt å tenka på. Med dei planane som no ligg føre, kjennes det ikkje lenger slik. Sprengt fjell, skjeringar og heimlause.
Barnebarnet mitt Håvard er 1,5 år. Han som eg bur i Kvinnherad. Når eg får den vesle handa hans i mi og me saman «går inn i» naturen her og får oppleve hans sanselege oppdagingar i møter med dei dyr, fuglar og insekt som bur og lever her, då tenker eg at det eg ønsker meg aller mest er at han skal få halde fram å ha moglegheita til tilgang til den fantastiske naturen av liv og under som bur og lever her. Ein natur utan vindkraftindustri!