Forsiden

Høringssvar fra Kvinnherad Raudt

Dato: 27.09.2019

Kvinnherad Raudt går sterkt mot at nokon område av Kvinnherad kan nyttast til å bygga vindmøller. Naturen og naturopplevinga i kommunen er unik, går frå høgfjell, isbre og alpelandskap til øyar og fjordlandskap. Denne naturopplevinga er ein heilskap og så store naturinngrep som vindmøller vil forringa denne opplevinga vesentleg, og samstundes vera forstyrrande og skadeleg for dyre- og fugleliv.

Kvinnherad er ein stor turistkommune med viktige historiske institusjonar som Baroniet Rosendal og Halsnøy Kloster. Det vil vere svært skadeleg for desse om det vert bygd vindkraftverk i området.

Kvinnherad er alt ein stor leverandør av energi. 85-90 % av vasskrafta bygd ut tilsvarande om lag 3% av grøn norsk energi. Dette har alt medført store naturinngrep. Innanfor den utbygde vasskrafta er det store effektiviserings- og moderniseringsgevinstar som det er mogeleg å utnytta.

Vindkraft vil derimot ha store skadeverknader og utbygging må ikkje skje!