Forsiden

Høringssvar fra Kvam herad

Dato: 01.10.2019

Høyringsuttale frå Kvam herad:

Kvam herad vil at kommunen sitt areal innanfor punkt 57.7 – «Områder som nesten ble utpekt, - Fjellene mellom Voss og Hardangerfjorden», ikkje vert inkludert i Najonal ramme for vindkraft som eit område som er eigna for vindkraft.

Kvam herad meiner at me i framtida må endra energikjelda frå fossilbasert til fornybar energi. Det må vera basert på meir effektiv utnytting av eksisterande vasskraftanlegg og anna energiøkonomisering. Skal det i tillegg byggjast nye anlegg for energiproduksjon, kan solkraft og vindkraft vera aktuelt når det ikkje tek i bruk naturområde. Vindmølleanlegg krev svært store arealinngrep og vil verte markant og skjemmande. I tillegg kjem naturinngrep av tilhøyrande infrastruktur som vegar og kablar.

Kvam er ein stor hytte- og reiselivskommune og naturkvalitetane er ein grunnleggande verdi for innbyggjarar og tilreisande. Naturkvalitetane er også utgangspunkt for opplevingsøkonomien som kommunen satsar stadig meir på. Vindmøller gjev store inngrep i naturen og viktige kvalitetar og ressursar som Kvam herad forvaltar. Området er frå tidlegare påverka av kraftlinja Sima – Samnanger. Kvam herad ynskjer difor ikkje vindkraftindustri i fjord- og fjellområde i kommunen vår eller i nærliggande kommunar.