Høringssvar fra Anita Arnesen Kragset
Bevar framtidstrua for busetnad og reiseliv på Sunnmøre.
NVE har fylgjande kommentar til at store delar av Sunnmøre er med på kartet -forslag til en nasjonal ramme for vindkraft: Fra et nasjonalt perspektiv, framstår Sunnmøre og Nordfjord derfor som et av de mest egnede områdene for ny vindkraftutbygging i Norge.
Naturen er viktig for den sunnmørske folkesjela. Vårt område er prega av hav og fjord, høge fjell og djupe dalar. Nokre stader er det så langt auge sjå, slake dalsider med silkemjuke enger som gjev auge kvile og sjela ro. Andre stader klyv fjellsida rett ned i havet der bølgene frådande slår mot land. Ein tur i fjella rundt her vekkjer historiene om naturkreftene som har utfordra folk her i generasjoner, i kampen om å livberge seg. Liv har gått tapt og liv har vore levd her. Historiene er med oss og har forma oss på ulikt vis. Det er vårt ansvar å sikre at framtidige generasjonar få sjå og oppleve det samme!
Vår kulturarv er med oss når reiselivet vert bygd opp. Urørt natur med fjorder, fjell, fossefall, stillhet og ro er det som trekkjer turistar frå heile verda til vårt område. Vår region har fantastiske moglegheitar med vårt særeigne vakre kystlandskap.
Når ein 250 meter høg vindmølle, riktignok delt i fleire komponentar, skal fraktast opp gjennom dalføre må anleggsvegane vere sterke og tole tyngda av bilen og komponentane. Der ei vindmølle skal plasserast må det sprengast og planerast. Det vert store naturinngrep som ikkje kan gjerast om!
Google gjerne Egersund Kommune og sjå videoar om kva erfaringer dei har gjort med utbygging av vindturbiner i tidlegare så vakre kystområder. Det gjer faktisk vondt å sjå!
Selskapa Tussa, Zephyr og Vestavind la i 2010 bort planar om vindmøller på Hovda i Vanylven fordi konfliktnivået var høgt og motstanden vart for sterk. Det er snart ti år sidan, konfliktnivået er ikkje mindre i dag. Vindturbiner høyrer ikkje heime i vår natur. Skal vi bevare framtidstrua for busetnad og reiseliv på Sunnmøre må vi ta vare på naturen. Nei til vindturbiner i vår vakre og urørte natur!