Forsiden

Høringssvar fra Anders Kjetland

Dato: 01.10.2019

Høyringsuttale til NVEs forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land

I fjor haust skreiv eg ein høyringsuttale til NVEs utkast til rammeplan på vegne av VON (Vern om Nordhordlandsfjella). Denne gongen vil eg vere meir personleg. Eg kjem frå ein grunneigarfamilie i Masfjorden. Sommaren 2018 innleidde Norsk Vind Energi AS samtalar med oss og andre grunneigarar i samband med det dei seinare omtalte som ein del av “Europas største vindpark”.

Etter kvart som planane vart tydelegare i alt sitt omfang, vaks det fram ei overbevising hjå meg og resten av familien min. Dette var ikkje rett. Dette var noko vi aldri kunne gå med på, uansett kor mange millionar Norsk Vind Energi lova å legge på bordet.

Det er høge pengesummar, så kvifor seier vi nei? Det er fordi vi set naturen sin eigenverdi, utan vindindustri, høgare. Dette perspektivet syns eg manglar i NVE sin rammeplan, og i den sitjande regjeringas perspektiv. Om vindkraftutbyggingar på land skulle bli aldri så lønsame, er tapet ein ikkje så lett kan rekne ein kroneverdi på, større.

Ein septemberdag i 2018 var eg på tur i Kupa, i Fjonfjella i Masfjorden. Eg såg utover toppane frå Skarpefjellet: Mot Tverrvassfjellet, Husefjellet, Gleinefjellet og Kalvikefjellet. Eg prøvde å sjå for meg 250 meter høge vindturbinar på kvar einaste topp. Eg prøvde å sjå for meg planerte fjellknausar, oppstillingsplassar og høge vegskjæringar i desse fjella eg har vokse opp med. Det var som vegane eg tenkte på skar seg inn i kropp og sjel.

Dette handlar mellom anna om identitet. Frå eit saksbehandlarkontor i Oslo eller eit utbyggarkontor i Stavanger er det lett å tenkje seg: Vi har så mange fjellknausar i dette landet, noko må vi då kunne ofre. Men alle desse fjella har også sine folk rundt seg, folk som har desse fjella som ein del av sin oppvekst, sitt turområde, si sjel. Der ein kan søke ro, der ein ser at kjende toppar er der, no som sist, der ein føler at noko, noko er bestandig i det ellers turbulente livet.

Når nokon så ønskjer å skjere desse fjella opp med anleggsvegar, planere knausane ned og fylle dei med blinkande vindturbiner, støy og iskast, når ein ønskjer å gjere folk sine fjell om til industriområde, gjer det noko med folk. Det går inn i sjela. Det går inn til beinet.

Om det er på Frøya eller på Dalsbotnfjellet, på Sørmarkfjellet, Kvaløya eller i Fjonfjella.

Eg meiner NVE og den norske regjeringa bør tenkje over følgjande:

At klimautfordingane ikkje kan løysast ved å ofre naturmangfaldet og gjere store, og ofte urørte, naturområde om til industriområde.

At naturen har ein eigenverdi som må inn i reknestykket når ein vurderer utbyggingar.

At vi har andre alternativ, som er lønsame no, særleg om vi trekker inn perspektivet frå førre punkt. Oppgradere eksisterande vasskraft er eit av dei. Flytande havvind kan vere eit anna.

At alle fjellområde vurdert i nasjonal ramme har ein verdi for folk som bur der og høyrer til der, dei er viktige for folkehelsa, fysisk som mentalt.

Eg ber om at område 18 vert trekt ut av Nasjonal ramme for vindkraft og at heile den nasjonale ramma vert lagt på is. Eg ber også om at ein vurderer tildelte konsesjonar på ny, i forhold til ny kunnskap og lokal motstand.

Beste helsing

Anders Kjetland