Forsiden

Høringssvar fra Erling Aadland

Dato: 01.10.2019

Nei til utbygging av vindkraft /høyring til Nasjonal ramme For vindkraft

Som Hordalending/Vestlending vil eg at mine barn og barnebarn skal kunne oppleva kjent og kjær natur, fjell og fjord slik eg kan det utan at landskapet er øydelagd av store, skjemmande inngrep for å leggja til rette for vindkraftutbygging.

Utbygging av vindkraft vil øydeleggja desse enda vakre landskapa sin verdi som frilufts- og rekreasjonsområde med ubotelege skadeverknader på natur, artsmangfald, dyr, fugl og insektliv. Vi kan ikkje redda klimaet ved å øydeleggja naturen. Intakt natur og økosystem er tvert i mot ein føresetnad for å ta vare på klimaet. Desse inngrepa vil vera permanente og irreversible i form av opptil 250 m høge turbinar med støy opp mot 110 desibel, blinkande høgintenst lys og farlege iskast frå turbinane. Frå andre stader i landet ser vi at landskapet blir omgjort til industriområde med massive og permanente inngrep, skjeringar, oppstillingsplassar og anleggsvegar. Med ei levetid på 10-20 år på rotorblada, og utan høve til å gjenvinna desse nedslitne rotorblada, får Norge eit enormt stor forureiningsproblem med kvar ein vil gjera av det som er att av dei. Det må leggast til at i desse 10-20 åra vil desse nedslitne rotorblada då allereide har slengt frå seg mengder med mikroplast i naturen, drept tusenvis av små og større fuglar (herav dokumentert 100 havørn berre på Smøla) og tatt livet av fleire tonn insekter som er viktig i økosystemet vårt. Vi har ikkje rett til å gjera dette mot våre etterkomarar!

Dagens statlege subsidiar og skattlegging favoriserer vindkraft så mykje at betre, billigare og meir skånsame alternativ som enøk og oppgradering av eldre vasskraftverk blir mindre lønnsame. Dette medfører at private selskap får gjera uboteleg skade på nasjonale naturverdiar utan å betala eitt øre til samfunnet for øydeleggingane. Med ei politisk omlegging av rammevilkåra tilsvarande dei som gjeld for vindkraft, ligg forholda særs godt til rette for ei effektiv modernisering av dei gamle vasskraftanlegga i kommunen med eit stort potensiale for uttak av meir grøn energi og med minimale og mykje meir skånsame naturinngrep.

Konklusjon

På bakgrunn av punkta over krev eg at vidare utbygging av vindkraftanlegg i Noreg vert stoppa!