Høringssvar fra Hanne Thue
Eg er fysioterapeut og grunneigar, busett i Høyanger kommune. Eg ønskjer å komme med høyringsuttalelse til Nasjonal rammeplan for vindkraft. Høyanger kommune ligg i analyseområde 49 og 50, saman med Gaular, Fjaler og Hyllestad. Eg vil med dette begrunne kvifor eg er i mot vindkraftutbygging med fokus på helseperspektivet.
”God helse og livskvalitet er viktig for den enkelte. Helsa og livskvaliteten til befolkninga har innverknad på samfunnsutviklinga, og blir sjølv påverka av korleis samfunnet endrar seg” (Helse- og omsorgsdepartementet, 5. April 2019, s. 8).
I mitt yrke jobbar eg med forebygging og behandling av ulike sjukdommar og plager hos menneske i alle aldrar, og begrepet helse er svært relevant. Kva er god helse for deg? Kva som blir beskrive som god helse vil variere alt frå kven du spør. Ein person som er frisk kan føle han har dårleg helse, og ein som er sjuk kan føle at han har ei god helse. Mange som beskriv helse vil sei at det handlar om velvære, tryggheit, at ein kan gjere det ein vil med kroppen ein har, deltakelse i livet, gode relasjonar, opplevelse av mestring, balanse mm. Det er mange ulike måtar å forstå helse på. Helse er noko som er litt skjult/fråverande frå vår bevisstheit til vanleg, før det oppstår noko som gir dårleg helse.
Sidan april i år har vi visst om planar for vindkraftutbygging i fjella våre her i Høyanger, Gaular, Fjaler og Hyllestad. Grunneigarar har blitt kontakta i skjul av utbyggjarar og avtalar vert inngått. Plutseleg dukkar det opp kart på e-post over store områder i fjella som er gjort om til industriområder, utan at ein har gått med på dette. Fjella våre står i fare for å bli rasert for all tid. Samstundes har vi nok straum, og om vi treng meir er det potensiale i mange vannkraftanlegg rundt om i Noreg. Denne rammeplanen og framgangsmåten til utbyggjarane er noko som påverkar helsa til folk. Lokaldemokratiet er svekka, naturen står i fare og relasjonar mellom folk i små samfunn vert øydelagt.
I folkehelsemeldinga som kom 5. april i år (”Gode liv i eit trygt samfunn” (2018-2019)) presenterar Solberg regjeringa den samla innsatsen for å fremje betre folkehelse og livskvalitet i befolkninga. På framsida til Stortingsmeldinga er det bilete av ein person som visar glede i flott urørt natur.
Folkehelsearbeidet er tverrsektorielt der ein vil skape eit trygt samfunn og fremje helsevennlege val. Særleg på nokre områder ønskjer regjeringa å forsterke innsatsen. Dette gjeld områda tidlig innsats for barn og unge, førebygging av einsemd og mindre sosial ulikskap i helse. For barn og unge er naturen ein av dei viktigaste arenane for motorisk utvikling. I Noreg har vi 45 000 medlemmer i DNT ung, og over 200 Barnas turlag. Dette seier litt om kor viktig naturen er for barn og unge, og det er viktig at vi tek vare på naturen vi har for dei og for framtidige generasjonar. Livsstilsvaner etablerast ofte i barne- og ungdomsåra, og ein får mange gode erfaringar ved å vere ute i naturen når ein er liten som kan ha betydning for helsa resten av livet.
Eit anna fokusområdet i folkehelsemeldinga er å forsterke innsatsen for mindre sosial ulikskap i helse. Fjellområda våre er mykje brukt både vinter og sommar til friluftliv, jakt og fiske, og det har stor verdi for oss som bur her. Årsakane til sosiale helseforskjeller er samansatte, men det kan t.d. vere levevaner og fysiske og sosiale miljøfaktorar (Helse- og omsorgsdepartementet, 2019, s. 55). Naturen er derimot for alle uavhengig av yrke og inntekt, og kan slik bidra til utjamning av sosiale helseforskjellar så lenge ein har den tilgjengeleg.
Nasjonal rammeplan for vindkraft gjer til at folkehelsa vert svekka i dei berørte områda. Både med framgangsmåten til utbyggjarane, svekking av lokaldemokratiet, negativ påverknad på samfunnet, skade av natur, dyre- og fugleliv som vi har eit ansvar for, og svekking av relasjonar mellom folk. Om regjeringa ønskjer å gjennomføre det dei skriv i Folkehelsemeldinga ”Gode liv i eit trygt samfunn” må dei ta eit steg tilbake og evaluere det tverrsektorielle folkehelsearbeidet, og sjå kva negativ effekt vindindustrien kan ha for folkehelsa til Norges befolkning.
Med helsing
Hanne Thue
Kjelder:
Helse- og omsorgsdepartemenetet. (2019). Folkehelsemeldinga – Gode liv i eit trygt samfunn (Meld. St. 19 (2018-2019)). Henta frå: