Høringssvar fra Lars Erling Miljeteig

Dato: 29.09.2019

Som brukar av fjellet i Kvinnherad vil eg fraråde utbygging av vindkraft.

Fjellet og området i høgda er eit viktig område for avkobling og rekreasjon. Eg brukar fjellet i Kvinnherad, i tillegg til mange andre plasser på ulike måtar. Enten det er på fottur, kort som lang, med kite, paraglider, ski, sykkel, kajak eller bare opp for å fotografere.

Opplevinga med slike turar i til dels urørt natur set eg umåteleg stor pris på. Den opplevinga vert ikkje den samme med vindturbinar og veganlegget som ei slik utbygging fører med seg.

Eg ønsker ikkje å sjå veg av den storleiken i slikt område.

Eg ønsker ikkje å sjå dei store, høge og ruvande mastene.

Eg ønsker ikkje å høyre støyen av vindturbinar.

Eg ønsker ikkje å sjå blinkande turbinar om natta.

Eg ønsker ikkje å oppleve at område vert sperra av pga anleggsområde i byggefasen, eller fare for ising.

Eg ønsker ikkje at dyr og fuglar skal lide pga vindturbinar.

Lista kan lagast lengre, men trur eg stoppar her.

Målet med slik utbygging tenker eg er å utnytte fornybar energi.

Her er det mange andre tiltak som kan utførast før ein startar å bygge vindkraft.

Ein ting er jo å rett og slett bruke mindre enegri, enøk tiltak.

Begrense/ slutte å handle og utvinne krypto valuta.

Det kan byggast ut solcellepanel der ein allerede har tilknytning til nettet.

Det kan også oppgraderast eksisterande vasskraft.

Eg likar omvegar, men vindturbinar i norske fjell er feil veg å gå!

Og om det mot formodning kjem så langt, husk fjellvettregel nr 8.

Lars Erling Miljeteig