Høringssvar fra Tove Iren Skaar, Vindafjord kommune og Sandnes kommune
Dropp nasjonal rammeplan for vindkraftutbygging - i betydninga “stopp all konsesjonsgjeving for utbygging av vindkraft”
Denne fråsegna handlar ikkje handle så mykje om at NVE og OED trosser faglege råd i forhold til naturvern og naturmangfald. Det er det mange andre som skriv om, men nemner konklusjon i rapport frå Miljødirektoratet (2015); «Mange vindkraftmeldinger er så dårlige at de bør sendes i retur». https://www.tu.no/artikler/mange-vindkraftmeldinger-er-sa-darlige-at-de-bor-sendes-i-retur/275954.
Heller ikkje skal fråsegna handle så mykje om at NVE ikkje har hatt kontroll eller vore interesserte i å ha oversikt over arealomfang på naturøydeleggingane for konsesjonane som har blitt gjeve og kva som er under behandling.
Ingen hadde regnet ut hvor mye urørt natur vindkraften vil ta
Eg trur at dette er den mest sjokkerande og mest leste NRK-nyheta frå heimlege forhold i år og fekk mange til å sperre opp augene og skjønne at her er det noko riv ruskende gale som er i ferd med å skje.
Kva betyr dette? Dette syner at NVE ikkje er i stand til å totalvurdere og ha ein overordna kontroll på det dei skal forvalte. Eg vil påstå at det var denne saka spesielt som førte til at tilliten til forvaltninga blant det norske folk opphøyrte og den nasjonale motstanden mot vindkraft starta.
Eg vil mest av alt trekke fram kva forskarar frå Cicero, Fridtjof Nansen Institutt og Universitetet i Agder har funne i sine studier av konsesjonspraksisen til NVE.
https://forskning.no/energi-klima/myter-og-misforstaelser-om-vindkraft/1367719
Det desse «nøytrale partane» peiker på er at vindkraft er meir kontroversielt i Norge fordi det i Danmark og Tyskland, som er landa som oftast er brukt som referanseland, bygges vindkraft i stort sett kulturlandskap, mens i Norge er det gitt konsesjonar og søkes om konsesjonar i urørt natur.
Likevel er NVE sitt regelverk basert på kunnskap frå desse landa. Det har også blitt arrangert studieturar til Danmark for å sjå på vindturbinar som om dette skulle kunne vere overførbar kunnskap til norske forhold (mi tilføying).
Forskarane meiner dessutan at NVE sine konsesjonsbeslutningar om vindkraft er ganske uforutsigbare. For eksempel kan funn av hubro føre til full stans i eit planlagt utbyggingsområde, men ikkje i eit anna.
Ein av forskarane foreslår at NVE blir bedre både på transparens og på å forklare korleis dei eigentleg vekter naturhensyn og friluftsliv opp mot hensynet til utbygging, når dei beslutter enten det eine eller det andre om ei planlagt vindkraftutbygging.
«Ofte heter det hos NVE som hos andre offentlige etater som bestemmer i ulike spørsmål, at beslutningen er fattet «ut fra en samlet vurdering». Altså ganske ullent.»
– Det kan virke som det i dag brukes mye skjønn i beslutningene, konkluderer forskaren ved Fridtjof Nansens institutt. Han er tydeleg på at dette ikkje er godt nok.
Forskarane peikar også på at nokre kommuner i tillegg fått løfte frå utbyggjarar om t.d. ny dypvannskai eller ny lysløype. Men dette er utbyggingsavtaler som befinner seg i en juridisk gråsone og tenderer mot smøring, meiner dei.
Oppsummering av det forskarane har funne:
-Vindkraftverk er meir kontroversielt i Noreg enn dei landa ein henter erfaringar frå fordi den norske forvaltninga tillet vindturbinar i urørt natur.
-Vurderingane til NVE verkar til å i stor grad vera gjort på bakgrunn av skjønn. Konklusjonane/begrunnelsane for at konsesjon vert gjeve, er ganske «ullne» og uforutsigbare. NVE svikter på transparens i prosessane og det vert ikkje forklart kva som ligg i den «samla vurderinga».
-Kommunar har blitt tilbudt løfter frå utbyggerar som befinn seg i ei juridisk gråsone og tenderer mot smøring.
Vidare om det som handlar om udemokratisk og lite transparens i NVE sine konsesjonsprosessar:
NVE har heller ikkje teke hensyn til fylkeskommunane sine egne vindkraftplanar:
https://www.abcnyheter.no/nyheter/politikk/2019/08/13/195601507/nve-tok-ikke-hensyn-til-fylkenes-vindkraftplaner-kunne-dempet-konflikten
Overfor utbyggjarar har NVE sjølv skjerpa krava til meir ryddige prosessar med kommunar og interesserte partar.
https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-konsesjon/nve-skjerper-kravene-til-involvering-av-lokale-interessenter-ved-bygging-av-vindkraftverk/ NVE skjerper kravene til involvering av lokale interessenter ved bygging av vindkraftverk.
Alt dette syner at konsekvensar er mangelfullt utreda og vindkraftkonsesjonar har blitt gjeve på feil og udemokratisk grunnlag. Vindkraftanlegg som aldri skulle ha blitt godkjent er blitt bygd. NVE har i dei fleste saker lagt vekt på kommunane sine innstillingar, men når ein no veit at kommunale vedtak er blitt gjort på bakgrunn av smøring og «innpass»-metoder i juridisk gråsone, er det forståeleg at norsk vindkraftutbygging har blitt betegna som ein «skandale».
Som “avbøtande tiltak” for all skaden som er blitt gjort på natur- og landskapsverdiar og eigedomsverdiar, og alt det privatpersonar og lokalsamfunn har måtte lide av utbyggingane hittil, må foten nå settast ned og ein må sjå på andre, mindre naturøydeleggande løysningar enn vindkraft for produksjon av fornybar energi.
Dette er ein skandale for naturvernet og for norsk forvaltning. Gjevne konsesjonar kor utbygging ikkje er starta må gjennomgås på nytt.
Tove Iren Skaar
Vindafjord og Sandnes kommune