Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 139734

Dato: 25.09.2019

Eg ber dykk om å trekke tilbake heile forslaget. Vindparkar i norsk natur vil gjere umåteleg skade som ikkje kan reverserast. I Kvinnherad kommune har me storslått natur med eit rikt dyreliv, floraen og faunaen vår vil me behalde slik den er. Fjella våre er populære turmål for lokale så vel som turistar, og som ein kommune i utkanten ønskjer me å få fleire tilflyttarar hit fordi det er ein god og fin og trygg stad å vekse opp og å bu, ikkje for å skape arbeidsplassar ved å rasere naturen. Dei kan me skapa på anna vis! Me ønskjer tilflyttarar og turistar som kjem hit fordi me har storslått og vakker natur, fordi me kan tilby varierte turmoglegheiter, fordi barnehagen og skulen vår er god, fordi me har urørt natur, ikkje for å sjå på vindmøller ruva over fjella.

Nei til vindmøller i Kvinnherad. Nei til vindmøller på land i Noreg kor ein gjer irreversibel skade og kor desse kjem der kor folk og fauna bur og ferdast.