Forsiden

Høringssvar fra Eli Roseth Eik, Kvinnherd

Dato: 30.09.2019

Høyringsvar frå Eli Roseth Eik, Uskedalen

Eg bur like ved stien som går opp til fjellet Man'n, eit av fjella i Kvinnherad som er peika ut til høveleg stad for vindturbinar. Det er heilt uhøyrt å få 250 m. høge vindturbinar på fjellet her, og på dei andre fjella i Kvinnherad. Veganlegga som må byggjast vil øydeleggja mykje urørt natur. Turistar og bygdefolk brukar naturen. Turistane kjem for å nyta naturen - ikkje for å høyra susen av turbinar. Innsektsmangfaldet må takast vare på. Innsekta må ikkje drepast av rotorblada. Kvinnherad leverer alt svært mykje straum frå vasskraft. Bruk fornuft, spar oss for vindturbinane. Fjella kan ikkje reparerast etter vegbygginga.