Høringssvar fra Kjellrun Eik
Nei til utbygging av vindkraft i Kvinnherad/ høyring til Nasjonal ramme For vindkraft.
Det var med stor vanntru vi fekk høyra om planane om vindkraftutbygging i Kvinnheradfjella og fjellområda ikring. Og enda større vart vanntrua då vi fekk høyra kven som står bak og at det er styrt av økonomiske interesser frå Europa.
«Trur dei at vi vil øydeleggja landet vårt for at dei der i Europa skal få billigare straum?», ref gut 9 år og jente 12 år
Infrastrukturen som må på plass for å montere opp slike parkar med vindturbinar er ekstreme i omfang og ikkje reversible.
Vindturbinar i drift er øydeleggjande for så mange i eit stort perspektiv:
- Store naturinngrep som ikkje er reversible
- Stor innverknad på fugleliv – bl.a. ørn, vipe, orrfugl vil bli hardt råka
- Stor innverknad på det ville dyrelivet – som vert forstyrra av konstant susing/ uling
- Stor innverknad på beitande husdyr – beitedyr vil ikkje/ kan ikkje beita i dette området
- Stor innverknad på folkehelsa som brukar fjellheimen vår til rehabilitering og rekonvalesering
- Stor innverknad på turismen i ein kommune som har natur i frå fjord til fonn.
- Stor innverknad på fjellsport som skikjøring, tindevandring og fjellklatring som er av nasjonal karakter og internasjonal kjent.
- Stor innverknad på den gjennomsnittlege turgåar – ingen stillheit, ingen fri utsikt, ingen urørt natur.
Storparten av innbyggjarane i Kvinnherad (ref meiningsmåling Norfakta, sa heile 74% nei) og samrøystes formannskap i Kvinnherad kommune (august 2019) aksepterer ikkje ei utbygging som vil gje naturen og fjellheimen vår inngrep som er uerstattelege.
Vi vil ikkje ha microplast frå propellane, oljesøl i grunn, høgtruvande, støyande, blinkande vindturbinar i vår natur her i Kvinnherad. Men vi vil at naturen og fjellheimen vår skal leverast vidare til komande generasjonar!
Vi i Kvinnherad kan bidra med bærekraftig oppdatering av allereie eksisterande storstilt vasskraftproduksjon i kommunen.
Med dette vil eg på det sterkaste kreve av dei som er valgt til å regjera vårt land, til å fjerna planane om vindkraftutbygging i Kvinnheradfjella og fjellområda ikring frå Nasjonal ramme For vindkraft.
Med vennleg helsing
Kjellrun Eik
Vedlegg: Ulvanosa, Uskedalen Kvinnherad kommune.