Forsiden

Høringssvar fra Person som ikke har oppgitt navn

Referanse: 195016

Dato: 29.09.2019

eg krev at dåke tek Kvinnherad ut av Nasjonal Ramme for vindkraft.

85% av Kvinnherad sine vassdrag er bygd ut for vasskraft, det utgjer at Kvinnherad står for 3% av norges grøne energi.

Kvinnherad er ein kommune som er prega av utflytting, dei som vel å flytta tilbake kjem tilbake fordi Kvinnherad ein unik kommune med tanke på friluftsliv som for eksempel, brevandring, kajakk langs isbre, eldorado for topptur/randonee, fjellklatring, spektakulære fjellturar i urørt natur, denna listo kunne eg fortsett på i evigheten. at dåke vil frarøva oss all den frie naturen me har å tilby, er rein terrorisme, naturen har me kun ein gong og kan aldri få den tilbake om dåke bedriver denne voldtekten av norsk natur som dåke vil.

FN's klimapanel har gått ut med at den største trusselen på kloden er klimaendring og masseødeleggelse av urørt natur. dåkes forslag er nett så å pissa i bukso for å bli varm, dåke vil ha grøn energi for å redda kloden? men dåke velger å ødeleggja da kjæraste me har for å redda kloden? vindkraft er ikkje rette veien å gå!!! i førsta rekko burde alle gamle vasskraftanlegg fått ein enorm oppgradering til dagens teknologi.

Kvinnherad kommune er ein attraktiv kommune for turisme frå både innland utland, her kan dei gå ifrå fjord til fonn i urørt natur. alle turistane frå utlandet synst at er spektakulært å sjå dei nakne fjello ifrå fjorden og kunne gå opp til dei og nyta stillheten og dyrelivet, er ein heldig kan ein få auge på ryper og ørn på turen. kjeme da opp vindturbinar vil ein komma opp til ihjelslådde ryper og ørn som er utrydningstrua. ein normal mann i gato får titusenvis av kroner i bot for å drepa eit dyr som er utrydningstrua, mens dåke subsidiere store vindbaronar for å ta livet av dei?

helsing oppgitt vanlig mann i gato. PS: står klar med kjetting for å aksjonera imot vindkraft som resten av landet gjere.