Høringssvar fra Møyfrid Kristoffersen

Dato: 30.09.2019

Uttale til NVE sitt forslag om vindkraft på land

Berre så det er sagt med ein gong; eg er totalt imot utplassering av vindmøller i den flotte fjellheimen vår !!!

Eg vil dele uttalen opp i to punkt, som følgjer :

1)

Her vil vi leve og her vil vi bu - og her vil vi ta imot besøkande

Vi bur på ein gard som har vore i familien sidan ein gong på 1700-talet. Garden ligg inst i ein dal - 7 km frå sentrum i den flotte bygda Uskedalen. På kvar side av dalen ligg fjella, som diverre er med i forslaget som er lagt fram for utplassering av vindmøller. Høge fjell- og vidder, vatn og elvar, vidt utsyn til dei mange blånar, villdyr og tamdyr - ein natur-rikdom som kan ta pusten frå kven som helst. Og eg spør; Kva i all verda er gale med oss som leve i dag, som tiltross for den materielle overfloda vår tenke at vi også skal utnytte- og rasere enno meir av denne fantastiske natur-rikdommen?

Alle borna våre, som for lengst er vaksne - har busett seg med ektefeller her i Uskedalen og i nabobygda Rosendal. Dei har også gjeve oss sju herlege barnebarn. Sonen vår overtok garden i 2013, og mannen min og eg bygde oss kårhus på garden. Dei andre borna våre og familiane deira, deltek alle i fritida si- i gardsdrifta på ulike vis. Steller med hundar og sauer, spring i fjellet, fiskar i elva - og er i det heile i nær kontakt med naturen her gjennom heile året. Kvifor trur du at ungdomane våre, også med ektefelle frå andre kantar av landet, har valgt å busette seg her i Kvinnherad ? Svaret er i all hovudsak to faktorar; familie, og muligheitane for lett tilgang til denne fantastiske naturen som omgjev oss. Desse faktorane gjev "livskvalitet" (les; subjektiv oppleving av lykke) og den gjev då naturleg nok også helse. Ei rasering av naturen, slik forslaget om vindmøller er, vil gje det motsette. How dare you, spurte Greta Thunberg. Eg spør om det same.

2)

Gje oss vippa tilbake - hjelp oss å sløse mindre !

Sløsinga med straumen, som vi driv med no til dags, høyre ingen stad heime. På 60-talet - i min barndom, så hadde vi vippe. Vi hadde eit visst tal kw vi kunne bruke på ein gong, og om vi brukte meir så byrja lyset å blinke - for så å slå seg heilt av - og vi måtte restarte, som det heiter. Dette førte til ein naturleg begrensing for hushaldet når det gjaldt forbruket av straum. INGEN hadde hatt vondt av å ha "ei vippe" til påminning den dag i dag.

Samfunnet vårt har eit forferdeleg forbruk. Vi har lys på i alle krikar og krokar - dag og natt, og vi skal ha stovevarme i alle rom. Dette gjev ei utnytting av naturressurane (ikkje ei nytting) og er også endå ei forskjellsbehandling av svakare grupper av personar - dei som ikkje har råd til å betale for den same sløsinga som kapitalistane og dei fleste av oss arbeidsføre i Noreg klare å betale for.

Etter det eg har lese meg til i faglege uttalar, så vil allereie utbygd vasskraft kunne moderniserast på ein måte som bidreg til at ein kan få heile 40 % meir ut av denne enn i dag. Stemmer dette ? I tilfelle; kvifor vert ikkje dette gjort straks ?

Mitt forslag er (særleg to av dei blir sjeldan og aldri blir drøfta):

  • REDUSER DEN ØKONOMISKE VEKSTEN
  • FORDEL ØKONOMIEN BETRE BLANT FOLKET
  • IKKJE ØYDELEGG MEIR AV NATURRESSURSANE

Vennleg helsing

Møyfrid Kristoffersen

sosionom/psykisk helsearbeidar