Høringssvar fra Eli Kvalvågnes
Som grunder og næringsdrivande retta mot turistar i Kvinnherad, seier eg eit klart nei til vindkraft i fjella våre. Vindkraft vil ha ein svært negativ verknad i den reine og uberørte naturen vår,både under anleggstida,grunna massive inngrep for å byggja opp logistikk og også utvilsamt , gjennom drift og vedlikehald .
Så og sei ALL effektiv maknadsføring frå Kvinnherad og ellers i Sunnhordland, til det utanlandske turistmarknaden, dreier seg om å selja inn dei reine og uberørte fjordane og fjella vi er velsigna med her. Dette er vår, og alle andre levande vesen sin arv her inne. Vi er lært til å forvalta naturen frå generasjonar tilbake og også tåla mangelen på moderne logistikk, lettvint tilkomst til alle "bekvemmleligheter" og industriarbeidsplassar som andre stader har fått under oppbyggjinga av Noreg.
Det vi har igjen er dette frie,stille,mektige, levande,store ...som vi i mange titalls år har reindyrka mot friluftsliv ,rekreasjon, forvaltning, landbruk ,event og anna turisme.
Det vert difor å rekna som eit reint overgrep å gjennomføra planlagte vindmølleparkar på slik grunn.
Mvh Eli Kvalvågnes