Høringssvar fra Ståle Stoknes
Å bu i Kvinnherad har ikkje bare fordeler, spesielt å reise til og frå har hatt ufordringar både når det gjeld ferjer og stengte vegar.
Men eg har likevel alltid sagt til dei som ikkje kjenner kommunen at vi har jo naturen! Naturen med fjord, fjell og fonn er vakker og det har alltd vore ei glede å gå tur i fjella våre.
No er det laga planar for å rasere Kvinnheradsnaturen med vindindustri. Vi har sove i timen, trøysta må vera no er folk i ferd med å vakne og samlar seg for å stoppa øydeleggjinga. Fjella i Kvinnherad har allereie store sår etter vasskrafutbygging, ca 85% av vatnet som renn ut i fjordane våre er regulert. Det er betre å oppgradere eksisterande anlegg og byggja småkraftverk som gjev små naturingrep enn vindindustri.
NEI til vindindustri i Kvinnherad.
Nei til vindindustri på land.