Forsiden

Høringssvar fra Sognefjorden kystpark

Dato: 30.09.2019

Til NVE

Under følgjer høyringsuttale frå Sognefjorden kystpark til NVE sitt arbeid med nasjonal plan for vindkraft. Eit heilt unikt geologisk kart teikna i år 1822, som eit av verdas første, følgjer med uttalen.
Vi ber innstendig om at vårt innspel vert lese og omsyntatt i det vidare arbeide med planen.
Høyringsuttale:

SKP skal bygge si drift på å skape ei miljømessig-, sosial- og økonomisk berekraftig utvikling for vår region. Noreg har skrevet under på den Europeiske landskapskonvensjonen, som er heilt sentral i Norske parkar sitt verdigrunnlag. Dette må også ein nasjonal rammeplan bygge på. Dette synest ikkje vera tatt nok omsyn til i det planlagde område for vindindustri i HAFS. Sognefjorden Kystpark meiner at arbeidet med Nasjonal ramme for vindkraft i for liten grad er basert på kunnskap, medverking og forankring lokalt og regionalt.

Vidare må rammeplanen også vurderast opp mot FN sine andre berekraftmål, ikkje berre klima.

Sognefjorden Kystpark er for tida i ein prosess der vi jobbar mot å bli ein UNESCO global geopark. Ein slik status og merkevare vil medføre auka verdiskaping innanfor reiseliv i heile regionen vår. Kyst -og fjordlandskapa i Noreg har gjentekne gonger vore kåra blant verdas vakraste landskap, og menneskjer kjem frå andre delar av verda for å oppleve naturarven vår. Ut i frå Sognefjorden Kystpark sitt verdigrunnlag og våre statuttar forvaltar vi desse verdiane også for framtidige generasjoner. Industrionråde med vindmøller vil gjere uopprettelige inngrep i landskapet og naturen vår, som kan føre til at Sognefjorden Kystpark / Unesco Global geopark mister eller ikkje oppnår å få Unesco-status på parken.

Vi ber derfor om ein pause i konsesjonshandsaminga av vindkraft, inntil alle prosjekt som no blir bygd er blitt grundig evaluert av nøytrale , uavhengige instansar.

Hardbakke 29. september 2019
- sign -
Styret og dagleg leiing:
Trude Johansen Søilen
Franziska Rüttiman
Håvard Mongstad
Marita Solheim
Arne Osland
Anne Kristine Dyrdal
Gry Buer
Ole Andre Klausen
David Gåsvær
Vedlegg: Geologisk kart m/kommentar

Vedlegg