Forsiden

Høringssvar fra Inghild Marie Venås

Dato: 30.09.2019

Aprilsnarren…som ikkje var det.

Eg sveipa innom sosiale mediar på søk etter aprilsnarrar, og tykte ein facebookven hadde lykkast bra. Han hadde lagt ut eit kart over Gaular, med små rammer inni som viste kor det var tenkt vindindustri. Eg melde attende «Ha,ha, den var god, du har jammen lagt bra innsats i den aprilsnarren der J» Men so viste det seg at det slett ikkje var slik, kartet var ein realitet, produsert av NVE, som fortalde oss at vi budde i eit område som var godt eigna for vindkraft, at det ikkje hadde nok nasjonal verdi, og difor kunne nyttast til industri. Nærmiljøet mitt, der ein startar på den Nasjonale Turistvegen over Gaularfjellet, langsmed den vakre og verna Gaula, var ikkje verd å ta vare på. Merkeleg tykte eg og at Florsheia var peika ut, for eg trudde ein var avhengig av vind for å drifte vindturbinar.

Gangen vidare var og merkelege greier. På orienteringsmøte med NVE, der dei la kart på kart oppå einannan for å vise kor mange etatar som hadde handsama planen, og kor grundig dei hadde jobba, var det to representantar frå NVE som nærmast fekk hakeslepp då dei vart gjort merksam på at dei var i eit område med verna vassdrag (Gaula). Den eine snudde seg mot kartet lettare forvirra, lette rundt og spurde so: «Er det denne elva her?» Ja, det var den grundigheita.

Deretter har vi vore gjennom eit splitt og hersk samfunn utan sidestykke. Mistenker at utbyggarar visste om kva område som var lagt ut i nasjonal plan før vår eigen ordførar. Har vore på orienteringsmøte der representantar for utbyggar har kalla oss motstandarar for egoistar og små Trumpar som ikkje ville ofre naturen vår for klimaet sin del, same selskapet som allereie har meldt inn at dei søker konsesjon for eit stort område i Gaular/Høyanger, og grunnen til at det hasta var at det var mange andre som ynskte å bygge ut i same området. Om det var for klima sin del skulle ein tru at det ikkje hadde noko å seie kven som bygde ut….men at det vart utbygd…. For det er sjølvsagt ikkje anna som ligg til grunn…

No står vi i fare for å miste statusen Nasjonal Turistveg, det er allereie varsla frå Statens vegvesen, og prosjekt som var tenkt starta til sommaren ved Hestadgrend (kapell og badestrand) er no sett på vent på grunn av Fred Olsen Renewable sin konsesjonsøknad. Dei og vi motstandarar har sjølvsagt all grunn til å vere urolege, for etter å ha lese om utbyggarar og NVE si framferd over det nesten ganske land gjere det vondt å sjå kva som allereie har blitt ofra på «klimaet» sitt alter, samstundes som ein og har mista fullstendig tillit til ein statleg etat.

FN si største bekymring er trusselen mot artsmangfaldet, dette er no trua både på bakken og i lufta på grunn av gigantiske vindindustrianlegg. Eg ville finne det tungt å vite at komande generasjonar skal leve midt i eit virvar av knust fjell, gigantiske vindturbinar med støy og blinkande lys, og ikkje minst infralyd, utan å ha gjort noko for å prøve å stoppe det. Det er so openlyst at dette ikkje vert gjort for klimaet sin del, men kun for profitt, og det er mange rundt i både kommunestyre og offentlege etatar som burde skamme seg skikkeleg!