Høringssvar fra Herman Inge Aadland
Underteikna bur i Fitjar kommune på Stord. Me har eit av dei største vindkraftanlegga i landet . Det byr på store utfordringar. Når vinden bles frå søraust, opplever me ofte betydelege støyplager. Og den visuelle påkjenninga er stor. Det er vanskeleg å kvila augo på fjellet. For meg er Midtfjellet øydelagt som rekreasjonsområde. Stordøya har ofra mykje av sin vakre natur for så godt som ensidig tysk profitt. Resten av fjellet vårt må sparast til etterkomarane våre. Fortetting på allereie øydelagt område bør også unngåast av miljømessige omsyn.