Høringssvar fra Hyllestad Kommune
Hyllestad kommune seier nei til vindkraft i Hyllestad
Hyllestad kommune seier nei til framlegg om areal 19 i «Nasjonal ramme for vindkraft». Vi meiner at det ikkje kan byggjast vindkraftanlegg på land i Hyllestad slik planen legg opp til.
Vi krev difor at Hyllestad kommune sine areal i område 19 vert tekne ut av planen. Innan område 19 er det lite nedbygd natur med viktige og unike landskapsareal.
I Hyllestad er det omkring 400 historiske steinbrot som er freda av Kulturminnelova/Riksantikvaren i nærleiken av eit av område som er peika ut som aktuelt område for vindkraftutbygging. Kvernsteinbrota og kulturlandskapet står på UNESCO si tentative liste til verdsarv, og kommunane i HAFS har fått midlar til å jobbe fram ein UNESCO Geopark. I følgje informasjon frå avdelingsdirektør for Norsk Kvernsteinsenter er det eit spørsmål om ei eventuell vindkraftutbygging med vindturbinar og utbygde tilkomstvegar i dei aktuelle fjellområda kan foreinast med desse planane.
Vindkraftanlegg er eit stort industrianlegg som ofte vert plassert i eit lokalt verdifullt naturområde. Anlegga har gjerne enorme master med eit breitt vengespenn. Dei legg beslag på mykje større areal enn der dei fysiske vindturbinane er plasserte. Tilkomstvegane vil gje store sår i naturen som ikkje er reversible, anlegga vil vere til sjenanse og mange er redd for støy og andre plager.
I tillegg har vi andre viktige miljøomsyn og samfunnsinteresser. Det har over tid vore kjent at vindkraft utfordrar fuglelivet, særleg i trekk. I det siste har det vore fokus på at eit stort tal insektsdød på grunn av vindturbinar.
Hyllestad kommune meiner at å oppgradering, modernisering og eventuelt utvide eksisterande vasskraftverk vil gje tilsvarande effekt som landbasert vindkraft, med vesentleg mindre naturinngrep og ulemper for dyr og menneske. Med å endre skattereglane for vasskraft vil det stimulere til auke i vasskraft. I tillegg er ENØK-tiltak viktige i å få ned energibehovet.
Hyllestad kommune meiner at det ikkje er akseptabelt at kommunen vert fråteke mynde og ansvar i arealdisponering. Det er udemokratisk at vindkraftkonsesjonar og behandling av dei er regulert etter energilova og ikkje plan- og bygningslova. Vi er opptatt av at sakene skal bestemmast lokalt i den kommunen som konsesjonssøknaden omhandlar. Vi meiner at kommunane skal vetorett i saker om vindkraftutbygging. NVE skal ikkje kunne gje konsesjon i strid med lokale ønskje og kommunestyrevedtak. Hyllestad kommune krev at kommunane skal ha vetorett.
Kommunestyret ber ordførar om at ein søkjer samarbeid med andre kommunar som ønskjer sine areal ut av nasjon ramme for å kunne utgjere ein felles front over sentrale avgjerdstakarar.
Utvalde moment frå saksutgreiinga og vurderinga til rådmannen:
- Området vert vurdert til å ha viktige miljø- og samfunnsinteresse mellom anna knytt til landskap og friluftsliv
- Etter dagen regelverk gjev ikkje vindkraft same økonomiske kompensasjon som vasskraft. Vertskommunane får inntekter gjennom eigedomsskatten, ein lokal skatt/inntekt som også er under press.