Forsiden

Høringssvar fra Aud Aina Lien Eide

Dato: 23.07.2019

Svartype: Med merknad

Eg har ei T-skjorte. På den står det : "Trening er min medisin". Det burde egentlig stått "Ein tur i Kvinnherad-fjellene er min medisin." I Skottland har dei starta å sende pasientane sine ut i frisk luft, i staden for å gi dei piller. Men ein tur i eit mylder av vindmøller har ikkje same virkningen som ein tur i uberørt natur. Det som skjer i Kyst-Norge er ikkje veien å gå. Kvifor øydeleggja så store fjell-områder, når det beviselig forårsaker store skader på miljø og helse ? Kan ikkje regjeringen snu ? Eg er rysta over tanken på at dei kjære fjella skal forsøplast. Inntektene frå turismen vert redusert når vindmøllene kjem. Er det med i reknestykket ? Baroniet i Rosendal er ein stoppestad for mange cruiseskip i løpet av sommaren. Turistane kjem vel ikkje for å sjå ei øydelagt fjell-rekka med nylaga veier på kryss og tvers. Eg har bare ein ting igjen eg vil seia : Eg gruer meg.